britisk gitarist From Wikipedia, the free encyclopedia
Martin Carthy MBE (fødd 21. mai 1941) er ein engelsk visesongar og gitarist som har vore ein av dei viktigaste musikarane innan britisk folkemusikk, og inspirerte artistar som Bob Dylan og Paul Simon[1] og seinare Richard Thompson.
Martin Carthy | |||
Med The Imagined Village på Camp Bestival i juli 2008 | |||
Fødd | 21. mai 1941 (83 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hatfield i Hertfordshire | ||
Fødenamn | Martin Dominic Forbes Carthy | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | Sidan 1960 | ||
Sjanger | Engelsk folkemusikk, folk baroque | ||
Instrument | Akustisk gitar Elektrisk gitar mandolin banjo dulcimer | ||
Tilknytte artistar | Waterson–Carthy Blue Murder The Watersons Steeleye Span Albion Country Band Brass Monkey The Imagined Village Dave Swarbrick | ||
Plateselskap | Topic, Fontana, Philips, Deram, B&C | ||
Verka som | Songar musikar låtskrivar plateprodusent skodespelar | ||
Gift med | Norma Waterson | ||
Born | Eliza Carthy | ||
Prisar | medlem av Den britiske imperieordenen |
Han byrja å spele på viseklubben The Troubadour i Earls Court i London tidleg i 1960-åra og var kjend for å spele akustisk gitar med alternative stemmingar (mest av alt CGCDGA) og ein perkusjonsaktig spelestil på gitaren som la vekt på melodiane.
I 1964 vart Carthy med Marian Mackenzie, Ralph Trainer og Leon Rosselson i gruppa The Three City Four. Den første soloplata hans, Martin Carthy, kom ut i 1965 med Dave Swarbrick på fele. Arrangementet hans av den tradisjonelle balladen «Scarborough Fair» vart seinare tilpassa av Paul Simon på Simon and Garfunkel-albumet Parsley, Sage, Rosemary and Thyme i 1966.
Carthy har òg spelt med mange andre artistar. Han har sunge med The Watersons sidan 1972, var to gonger medlem av den britiske folkrockgruppa Steeleye Span, var medlem av Albion Country Band i 1973 med medlemmar frå Fairport Convention-familien og John Kirkpatrick, som spelte inn Battle of the Field, og var ein del Brass Monkey.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.