Marius Eriksen
norsk alpinist og pilot From Wikipedia, the free encyclopedia
Marius Eriksen (fødd 8. desember 1922 i Kristiania, daud 6. juli 2009 i Oslo) var ein norsk alpinist og jagarflygar.
Marius Eriksen | |||
![]() | |||
Fødd | 8. desember 1922 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Christiania | ||
Død | 6. juli 2009 | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Eining | Luftforsvaret, Flyvåpnenes Felleskommando |

Foto: Ole Friele Backer
Andre verdskrigen

Foto: Official U.S. Air Force photo no. 080306-f-3927A-060
Løytnant Eriksen var jagarflygar i 332 (N) Squadron under andre verdskrigen. Han fekk flygarutdanning ved Little Norway i Canada, etter å ha flykta frå Noreg til Skottland, via Ålesund 5. november 1940 som syttenåring. Han klarte dette ved å lyga om at han var 18 år gammal.[1] Han skaut ned ni fiendtlege fly og skadde tre. Med meir enn fem nedskotne fly kvalifiserte han seg til nemninga flygaress.
Han vart sjølv skoten ned i sitt Spitfire-fly den 2. mai 1943 av Hauptmann Dietrich Wickop frå Jagdgeschwader 1, Woensdrecht utanfor kysten av Nederland, og sat som krigsfange ved Stalag Luft III nær byen Żagań i Polen til frigjeringa i 1945. Wickop måtte sjølv nødlanda med sin Focke-Wulf Fw 190 etter duellen med Eriksen.
Idrett og film

Foto: Billedbladet NÅ/Riksarkivet
Eriksen vart noregsmeister i slalåm i 1947 og 1948. Han deltok under vinter-OL for Noreg i 1948 i St. Moritz med 20.-plass i utfor og 20.-plass i alpin kombinasjon.
I 1954 debuterte Eriksen som filmskodespelar og hadde rolla som skiinstruktør i komedien Troll i ord av Jon Lennart Mjøen og same år som journalist i Kasserer Jensen av Nils R. Müller. I filmen Slalåm under himmelen (regi Edith Carlmar, 1957) spelar han flygaren på F-84 Thunderjet.
Familie
Etter krigen dreiv Eriksen eigen sportsbutikk og opna klesbutikken «Bentestova» i Oslo.
Han var son av turnaren Marius Eriksen sr., bror av alpinisten Stein Eriksen, svigerson av Bjarte Ording og far til Beate Eriksen. Den såkalla mariusgenseren er kalla opp etter han.
Prisar og utmerkingar
Eriksen vart høgt dekorert for krigsinnsatsen. Han mottok den høgaste utmerkinga i Noreg,, Krigskrossen med sverd.[2] Han vart òg tildelt St. Olavsmedaljen med eikegrein,[2] Krigsmedaljen, Deltakermedaljen og Haakon VIIs 70 års medalje. Han fekk i tillegg den britiske utmerkinga Distinguished Flying Medal, og den amerikanske Silver Star.
Bibliografi
- Cato Guhnfeldt. Marius: skiløper, jageress, krigsfange. Wings forlag, 2002. ISBN 82-992194-7-7
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.