Royal Air Force

From Wikipedia, the free encyclopedia

Royal Air Force

Royal Air Force (det kongelege britiske luftforsvaret, RAF) er flyvåpenet til Storbritannia. RAF er det eldste sjølvstendige flyvåpenet i verda, det vart skipa 1. april 1918 ved at Royal Flying Corps og Royal Naval Air Service vart slegne saman.

Etter verdskrigen vart RAF mykje redusert i storleik, men bygd opp att og fornya i åra før andre verdskrigen. Her spela RAF ein viktig rolle, ikkje minst i slaget om Storbrittania.

Gjennom den kalde krigen tok RAF del i forsvaret av Europa mot ein invasjon frå Sovjetunionen. I denne tida hadde RAF kapasitet til å bruke atomvåpen.

I dei siste åra har RAF delteke i fleire krigar og fredsbevarande aksjonar ulike stader i verda, til dømes Kosovo, Afghanistan og Irak.

Spire Denne militærartikkelen som har med Storbritannia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.