Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Marguerite Duras (fødd Marguerite Donnadieu, 4. april 1914–3. mars 1996) var ein fransk forfattar og filmskapar.
Marguerite Duras | |
Pseudonym | Marguerite Duras |
Nasjonalitet | Frankrike |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 4. april 1914 Gia Định |
Død |
3. mars 1996 (81 år) |
Yrke | Forfattar, dramatikar |
Språk | Fransk |
Mor | Marie Donnadieu-Legrand |
Ektefelle | Dionys Mascolo, Robert Antelme |
Born | Jean Mascolo |
Marguerite Duras på Commons |
Duras var fødd og voks opp i Fransk Indokina, og la ofte handlinga i verka sine til dette området. Ho var aktiv i motstandskampen under den andre verdskrigen og var medlem av det franske kommunistpartiet til ho blei ekskludert i 1950-åra.
Ho døydde i Paris, og vart jordfesta i gravlunden Cimetière du Montparnasse.
Duras skreiv først tradisjonelle, realistiske romanar i ein stil som særleg var påverka av François Mauriac. Etterkvart eksperimenterte ho meir med form og blei ei tid assosiert med «nyromanen». Romanane hennar er ofte korte og sterkt komprimerte, og har ingen «allvitande forteljar», slik at bøkene får eit ope og mangetydig preg. Duras er meir oppteken av innhaldet i romanane enn nyromanforfattarane gjerne er, og romanane har ofte eit feministisk preg.
Stadig tek ho opp forholdet mellom ein kvinnelege hovedperson og ein ektemann/elskar eller ei venninne/rivalinne. Romanene L'Amant (1984, som vann Goncourt-prisen; norsk Elskeren) og La Douleur (1985, norsk Smerten), som skildrar menneskelege konfliktar under andre verdskrigen, gav henne ein stor lesarkrins. Ho tok opp tilsvarande stoff i L'Amant de la Chine du Nord (1991; norsk Elskeren fra Nord-Kina, 1995).
Det er typisk for Duras sine romanar at dialogen speler ei viktig rolle. Ho skreiv også ei rekkje tekstar for teater, mellom anna La Square (1962), La Musica (1965) og Suzanna Andler (1968). I 1959 skreiv ho originalmanus til den poetiske krigsfilmen Hiroshima, mon amour (Hiroshima, min elskede; regi Alain Resnais), og laga seinare filmar som ofte vidareutvikla tema frå romanane og teaterstykka. Den filmatiske stilen hennar liknar på romanskriften, langsam og frigjort for overflødige element.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.