Remove ads
amerikansk-britisk forfattar (1843-1916) From Wikipedia, the free encyclopedia
Henry James (15. februar 1843–28. februar 1916) var ein amerikanskfødd britisk forfattar. Han er særleg kjend for romanar som skildrar amerikanarar i møte med Europa og europearar, men skreiv også noveller og sakprosa. Eit gjennomgåande tema hos James er «motsetningen mellom den gamle og den nye verden.»[1] Han skreiv også litteraturkritikk, artiklar og skodespel.
Henry James | |
Statsborgarskap | USA, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 15. april 1843 New York by |
Død | |
Yrke | skribent, romanforfattar, manusforfattar, skodespelforfattar, diktarjurist, litteraturkritikar, redaktør, novelleforfattar |
Språk | engelsk |
Sjanger | gotisk litteratur |
Medlem av | American Academy of Arts and Letters, Phi Beta Kappa |
Far | Henry James Sr. |
Mor | Mary Walsh James |
Henry James på Commons |
James var son av Mary Walsh og Henry James d.e. Han hadde fire sysken, den eldre William som seinare blei ein kjend psykolog og filosof, dei yngre brørne Wilkinson og Robertson, og veslesøstera Alice, kjend som dagbokskribent.
Henry James var soneson av ein suksessfull irskfødd bankmann og investor, og var økonomisk uavhengig heile livet. Faren var ein teolog og filosof som gav han ei fri og ukonvensjonell utdanning med fleire reiser i Europa. James fullførte aldri eit påbegynt jusstudium, men vigde seg tidleg til skjønnlitteratur. Etter at faren døydde i 1882 busette han seg i Storbritannia, og han blei britisk statsborgar i 1915, kort tid før han døydde. James var ugift.[1]
Henry James skreiv om lag 20 romanar og 112 noveller. Fleire av bøkene hans er filma.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.