fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Maoridue (Hemiphaga novaeseelandiae), maori kererū, er ei due som er endemisk for New Zealand og ho er utbreidd spreitt over det meste av landet. Arten tilhøyrer duefamilien Columbidae, og underfamilien Treroninae, som finst i heile Søraust-Asia, Malayahalvøya, Afrika og er representert på New Zealand med maoridue. Medlemmene av denne underfamilien har ein diett i stor grad basert på frukt.[1] Arten parea eller chathamdue (Hemiphaga chathamensis) var tradisjonelt sett på som ein underart av maoridue, men er her handsama som ein eigen art etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011.[2]
Maoridue | |
Maoridue på Kapiti Island Foto: Flickr-brukar Duncan | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Duefuglar Columbiformes |
Familie: | Duefamilien Columbidae |
Slekt: | Hemiphaga |
Art: | Maoridue H. novaeseelandiae |
Vitskapleg namn | |
Hemiphaga novaeseelandiae Gmelin, 1789 |
Artsnamnet brukt i maori er kererū over det meste av landet, men òg det lydhermande kūkupa og kuku i einskilde delar av Nordøya, spesielt i Northland.
Maoridua er ei stor due, 51 centimeter og 560 gram som lever i skog frå kyst til høgtliggande innland, og er utbreidd frå Northland til Stewart Island/Rakiura.[3] Morfologisk er ho som ei typisk due med kraftig bryst, spinkle bein og eit relativt lite hovud med kort nebb. Ho viser òg typisk dueåtferd, som inkluderer evna til å suge opp vatn og ho kan gjere seg truande og slå med vengene. Maoriduene byggjer spinkle, grunne reir og dei fôrar ungane med «duemjølk» frå kroen.[1][4]
Hovudet, halsen, vengene og overgumpen er generelt i skinande grønlilla farge, men med eit bronseskjer i fjørene. Brystet og heile undersida er vanlegvis kvitt og nebbet er raudt, med meir oransje mot tuppen. Føter og auge er raude. Ungane har liknande farger, men er generelt ljosare med bleike farger i nebbet, auge og føter og dei har òg ein kortare hale.
Lætet frå maoriduer er einskilde, sporadiske og mjuke gjennomtrengande kuu-lydar. Det vanlege fluktbiletet er med sterke vedvarande vengeslag, vengene gjev ein særs karakteristisk «susande» lyd når fuglen flyg. I samband med hekking, gjerne rett før egglegging ved reirplassen, har maoriduer iaugefallande oppvisingar der dei flyg til vers, stoppar, og kastar seg ut i eit stup gjennom lufta på stive venger.
Maoriduer et vegetabilsk føde, primært frukt frå eit stort utval av tre av den opphavlege flora på New Zealand[5] og på dei innførte plommetrea. Når det er mangel på frukt beitar mange dessutan på bladverk, skot og blomar, men i nokre delar av landet er frukt einaste matkjelda. Maoriduer spelar ei vektig økologisk rolle som frøspreiar, sidan dei er dei einaste fuglane i stand til å svelgje store fruktsteinar, som til dømes frå arten taraire, og dermed spreie frøa intakt.[6]
Hekketida er generelt tilpassa sesongane for moden frukt som varierer med årstidene, gode og dårlege fruktår, og varierer med dei ulike områda av landet. I den varmare nordlege halvdelen av Nordøya, kan maoriduer hekke heile året, unntatt i myteperioden mellom mars og mai, viss nok frukt er tilgjengeleg.[6] Lengjer sør der færre subtropiske treslag veks, skjer hekkinga vanlegvis frå tidleg vår til haust, igjen avhengig av tilgang på frukt. I dårlege fruktår kan noko av eller heile populasjonen mislukkast i hekking, i gode år kan dei få fram to til tre kull.
Maoriduer hekkar i tre, kvart kull er på eit einaste egg som dei legg i eit spinkel reir bygd av samansamla kvister. Rugetida er 27-30 dagar og ungen treng 30-45 dagar til å bli flygedyktig. Vanlegvis er maoriduene eit til to år når dei hekkar første gongen, og den lengste registrerte levetida er seks år, truleg kan dei leve til dei er ti år eller meir.
Storleiken av maoriduepopulasjonen er ukjent, men minkande.[7] Bestanden fall monaleg etter at menneske kom til New Zealand, og denne trenden held fram, særleg på Nordøya, men dei er enno relativt vanlege i den vestlege delen av Sørøya og i kystnære Otago. Fuglane er i dag trua av ulovleg jakt, habitatøydelegging og dårleg hekkesuksess.[8][9][10] Duene var svært talrike før om lag år 1860 og dei samla seg i store flokkar for å beite på frukttre.[11] Så tidleg som i 1864 var det vedtatt jaktrestriksjonar, med total vern frå 1921,[1] sjølv om handheving av loven ikkje var konsekvent. Somme maoriar protesterte, dei hevda ein tradisjonell rett til å jakte på dua.[12]
Fuglen er i dag verna i samsvar med viltloven og det har vore rettsforfølging for å skyte han.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.