From Wikipedia, the free encyclopedia
Plomme (Prunus domestica) er ei steinfrukt glatt skal og søtt fruktkjøt som veks på fleire tre i slekta Prunus. I tillegg til å etast som dei er, kan plommer tørkast til svisker og blir elles brukt til sylting og i bakverk. Dei plommeberande plantane kjem opphavleg frå Vest-Asia, men blir i dag dyrka over heile verda. Ein kjenner i dag til over 2 000 sortar plommer.
Plommetre | |
Plommetre | |
Status | |
Status i verda: Datamangel | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Rosefamilien Rosaceae |
Underfamilie: | Amygdaloideae |
Stamme: | Amygdaleae |
Slekt: | Kirsebærslekta Prunus |
Underslekt: | Prunus |
Art: | Plommetre P. domestica |
Vitskapleg namn | |
Prunus domestica |
Plomma er rund eller oval i forma og storleiken kan variere mykje mellom dei ulike sortane, dei største kan bli like store som eit lite eple. Frukta har eit tynt skal som godt kan etast sjølv om det smakar beiskt. Fargen på plomma varierer mellom grøn, gul, raud, blå eller sjatteringar av desse. Plomma har ein stor stein i midten, og hos nokre variantar heng fruktkjøtet fast i steinen, mens hos andre sortar slepp steinen lett. Fruktkjøtet er saftig og aromatisk.
Plomma blir hausta i Noreg i august til september.
Best lagringstemperatur er 0–4 °C.
Plomme er kalorifattig og verkar mageregulerande. Plomme inneheld ein del A-vitaminar, kalsium og jern.
Plomma skal vere heil, utan sprekker, mørke flekkar eller annan skade. Frukta skal vere tørr og skalet glatt. Plomma skal vere utan støytskadar og mugg. For at smaken skal vere best, må frukta ikkje vere hausta for tidleg.
Kor haldbar ei plomme er, avheng av kvar frukta er i modningsprosessen. Moden plomme er særs lite haldbar, er plomma mindre moden, kan ho halde seg lenger.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.