Madaba guvernement
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Madaba (arabisk مادبا) er eit guvernement i Jordan som ligg sørvest for Amman, hovudstaden i Jordan. Det administrative senteret er byen Madaba. Guvernementet er det åttande største av 12 guvernement når det gjeld både folketal og areal i Jordan. Det grensar til Balqa guvernement i nord, Amman guvernement i aust, og Karak guvernement i sør, og Daudehavet i vest.
Remove ads
Historie
Mange sivilisasjonar har heldt til i området til Madaba guvernement, mellom anna Moab, israelittane/jødar, nabatearane, romarar, og dei arabiske muslimrika.
Byen Madaba is er mest kjend for mosaikken frå bysantinarane og omajadane, særleg Madaba-kartet, eit stort mosaikk-kart over Palestina og Nilendeltaet frå bysantinsk tid.
Oldtida og Bibelen
Mange stader i Madaba guvernement er knytt til bibelske stader, som
- Nebo: i følgje Bibelen, var det på dette fjellet Moses stod og kikka ut over Det lova landet. Nebo, som ligg like vest for byen Madaba, var ein del av Madaba bispedøme i bysantinsk tid. Her det oppdaga mosaikk ved minnesmerke for Moses i tillegg til i kyrkjer i landsbyen Nebo, i 'Uyun Musa-dalen og ved 'Ayn al-Kanisah, med inskripsjonar som daterer dei til tida kring biskopane i Madaba frå seint på 400-talet til midten av 700-talet.
- Um er-Rasas (Kastron Mefaa) ligg på dei søraustlege steppene, og var òg ein del av bispedømet. Det ligg nær Wadi Mujib (Arnonelva), ei naturleg grense mellom i provinsen. Her finn ein mosaikk av St. Stephan i lag med Løvekyrkja (500- til 700-talet).
- Mukawer ligg 15 km sør for Madaba, der visstnok lekamen til Johannes døyparen ligg etter han vart halshogd. Staden ligg på ein fjelltopp oppom Daudehavet.
- Madaba-kartet: Det einaste komplette mosaikk-kartet av Jerusalem frå bysantinsk tid.
Remove ads
Geografi
Madaba guvernement grensar til Amman guvernement i aust og Balqa guvernement i nord, Vestbreidda på andre sida av Jordanelva, og Daudehavet vest, og Karak guvernement i sør. Ma'in er ein landsby i Madaba med ei naturleg varmekjelde i form av ein liten foss.
Det er store klimaskilnader i guvernementet på grunn av store høgdeskilnader. Byen Madaba ligg 798 meter over havet, medan Daudehavet ligg kring 300 meter under havnivå.
Remove ads
Administrativ inndeling
Madaba er delt inn i to departement:
Galleri
- Bronseslangeskulpturen på Nebofjellet.Foto: Jerzy Strzelecki
- Daudehavet frå Kempinski Hotel i Madaba guvernement.
- Ma'in varmekjelder.
- Byen Madaba er hovudstaden i Madaba guvernement.Foto: Jerzy Strzelecki
- Ein gammal bydel i Madaba.Foto: Berthold Werner
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads


