MS «Blue Sapphire»
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
MS «Blue Sapphire» er eit cruiseskip ått og drifta av tyrkiske ANEX Tour.

Remove ads
Skipet vart bygd hjå Bremer Vulkan i Tyskland i 1981 for Hapag-Lloyd, under namnet MS «Europa». I 1999 vart skipet seld til Star Cruises og fekk namnet MS «SuperStar Europe», som eit år seinare vart til MS «SuperStar Aries». Pullmantur Cruises kjøpte skipet i 2004 og gav ho namnet MS «Holiday Dream». I mai 2008 vart det overført til Croisières de France og fekk namnet MS «Bleu de France». I november 2010 vart skipet selt til Saga Cruises, men verande under charter til CDF i 12 månader til. Etter ombyggingar i Italia frå november 2011 til mars 2012 blei skipet omdøypt til «Saga Sapphire».

I juni 2020 vart det selt til ANEX Tour, som det fyrste skipet i den nye cruiseverksemda deira, og omdøypt til «Blue Sapphire».[2]
I juni 2023 vart fleire av seglingane til skipet avlyst. I juli 2024 kom det tilbake til teneste.[3]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads