MGP Nordic

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads
Remove ads

Melodi Grand Prix Junior Nordic (MGP jr. Nordic) er ei musikktevling for born mellom 8 og 15 år i dei nordiske landa. Ho vert arrangert på omgang av NRK, DR, SVT og YLE. Det er berre Finland som enno ikkje har arrangert tevlinga. Den danske musikktevlinga Dansk Melodi Grand Prix Junior vart arrangert fyrste gong i 2000 i Danmark, og suksessen vart gjentatt i 2001. I 2002 hadde idéen slått så godt an at han vart utvida til heile Norden, og Melodi Grand Prix Junior Nordic vart arrangert som eit samarbeid mellom Noreg, Sverige og Danmark. I 2007 vart Finland òg med i tevlinga.

Kvart deltakarland vel ut to (tidlegare tre) songar til tevlinga, som vert vist på direktesendt TV. Det blir så arrangert ei avstemming der kvart land kan stemme på songane frå dei andre songar for å kåre ein vinnar. Kvart deltakarland deltar gjennom ein nasjonal fjernsynskanal, som har ansvar for å velje ut kva artistar og songar som skal delta i konkurransen.

Remove ads

Deltakarar

Fire land har deltatt minst ein gong i konkurransen. Her er ei oversikt over desse landa etter kva år dei debuterte:

ÅrLand som debuterte i konkurransen
2002Flagget til Danmark Danmark, Flagget til Noreg Noreg, Flagget til Sverige Sverige
2007Flagget til Finland Finland

Vinnarar

ÅrVertsbyVinnarlandVinnarsongArtistSpråk
2002Flagget til Danmark KøbenhavnFlagget til Danmark Danmark«Kickflipper»RazzDansk
2006Flagget til Sverige StockholmFlagget til Danmark Danmark«Tro på os to»SEBDansk
2007Flagget til Noreg OsloFlagget til Noreg Noreg«Bæstevænna»Celine HelgemoNorsk
2008Flagget til Danmark ÅrhusFlagget til Noreg Noreg«Oro jaska beana»The BlackSheepsNorsk, samisk
2009Flagget til Sverige StockholmFlagget til Sverige Sverige«En vanlig dag»Ulrik MuntherSvensk

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads