From Wikipedia, the free encyclopedia
Luigi Pirandello (28. juni 1867–10. desember 1936) var ein italiensk forfattar. Han blir rekna som ein av dei viktigaste dramatikarane på 1900-talet og fekk i 1934 Nobelprisen i litteratur «för hans djärva och sinnrika nyskapelse av dramats och scenens konst.»[1][2]
Luigi Pirandello | |
Statsborgarskap | Kongedømet Italia |
Fødd | 28. juni 1867 Agrigento |
Død |
10. desember 1936 (69 år) |
Yrke | skodespelforfattar, skribent, lyrikar, romanforfattar, manusforfattar, regissør |
Medlem av | Compagnia del teatro d'arte di Roma |
Religion | kristendom |
Ektefelle | Maria Antonietta Portulano |
Born | Fausto Pirandello, Stefano Pirandello |
Luigi Pirandello på Commons |
Pirandello var frå i Girgenti, dagens Agrigento, på Sicilia. Faren dreiv ei svovelgruve og Pirandello blei fødd på det lille godset Caos (dvs. «Kaos») ved Agrigento. Han voks opp i Agrigento og Palermo. Allereie i skoletida gav han ut dei første litterære forsøka sine. Han studerte romanistikk i Roma i 1888-1889 og i Bonn i åra 1889 til 1891. Etter avlagt eksamen arbeidde han som universitetslektor.
I 1892 slo han seg ned i Roma og arbeidde som fri forfattar og arbeidde som journalist. Seinare fekk han arbeid ved det pedagogiske akademiet i Roma og blei i 1907 utnemnd til professor. Den første suksessen fekk Pirandello med romanen Mattia Pascal (1904). I 1910 tok han til å skrive skodespel og vann seg etter kvart verdensry som dramatikar. I 1924 opna han sitt eige teater, Teatro d'Arte, i Roma. På grunn av manglande økonomisk suksess reiste han på turnear gjennom Europa og Sør-Amerika. Teatergruppa blei oppløyst i 1928.
Pirandello skreiv hovudsakleg skodespel, men også kortare forteljingar og noveller som fekk mykje positiv merksemd. Romanen Mattia Pascal som i dag står på mange pensumlister blir rekna til dei viktigaste italienske romanane og grunnsteinen for den moderne italienske litteraturen. I novellene utvikla han ofte tankane sine i form av sicilianske legender eller italienske hendingar. Pirandello skreiv over 350 noveller, hovudsakleg med realistiske tema frå italiensk og siciliansk kvardagsliv. Lyrikken hans fekk mindre merksemd.
Filmen Kaos (1984) regissert av Paolo og Vittorio Taviani bygger på fem av Pirandello sine noveller. Temaet er den fattige landarbeidarklassen på Sicilia rundt år 1900.
Fleire av Pirandello sine teaterstykke er oppførte på Nationaltheatret:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.