Namneforma Ludvig er nordisk. Den norrøne forma var Hlọðvér og Hloðvér. Den opphavlege germanske forma har vore Chlodovech eller Hlodwig, som var namnet på den første kristne kongen over frankarane, Ludvig den fromme. Namnet er sett saman av det gammalhøgtysk eller frankiskhluth, 'kjend', og wig, 'kamp' eller 'krig', og kan tolkast som 'vidkjend krigar'. Namnet har mange variantar, som Ludwig (tysk), Ludwik (polsk.) og Ludovico (italiensk). Det har kortformer som Loïc (bretonsk), Louis (engelsk/fransk), Lewis (engelsk), Luis (spansk), Luigi, Lucio (italiensk) og Lutz (tysk). Kvinnelege utgåver er Ludwiga, Ludovica, Ludvine, Ludivine og Louise.