Ludwik Lejzer Zamenhof[1] (15. desember 1859–14. april 1917) er kjend som mannen som fann opp esperanto.
- For asteroiden, sjå 1462 Zamenhof
L.L. Zamenhof | |||
| |||
Fødd | Лейзеръ Заменговъ 15. desember 1859 Białystok | ||
---|---|---|---|
Død | 14. april 1917 Warszawa | ||
Nasjonalitet | Det russiske imperiet | ||
Område | esperanto, oftalmologi, Esperantology, filologi | ||
Yrke | lingvist, øyelege, oppfinnar, lyrikar, omsetjar, esperantist, lege, medisinsk forfattar, bibelomsetjar, esperantolog | ||
Alma mater | Medical faculty of Moscow University Imperial University of Warsaw | ||
Ektefelle | Klara Zamenhof | ||
Barn | Lidia Zamenhof, Adam Zamenhof, Zofia Zamenhof | ||
Medlem | Språkkomiteen for Esperanto |
Zamenhof var ikkje utdanna lingvist eller språkforskar, men hadde omfattande kjennskap til språk. Morsmåla var russisk (frå faren) og jiddisch (frå mora). I tillegg tala han flytande polsk og tysk. Han kunne lesa fransk, gresk, latin, italiensk, engelsk, hebraisk, arameisk og volapyk. Han hadde eit visst kjennskap til spansk og litauisk.
Zamenhof vart fødd den 3. desember 1859 etter den då gjeldande julianske kalenderen i byen Białystok. Byen låg den gongen i det russiske tsardømet, men ligg no i Polen. Białystok sine ibuarar høyrde til hovudsakleg tre etniske grupper: polakkar, kviterussarar og jiddisch-talande jødar. Zamenhof voks opp med motsetnadene mellom desse gruppene. Etter kvart meinte han at hovudårsaka til hat og fordommar låg i misforståingar grunna mangel på eit sams språk. Han såg det som eit mål å utvikla eit språk som kunne fungera som eit sams språk for kommunikasjon mellom menneske med ulik etnisk og språkleg bakgrunn.
I 1885 avslutta han studia ved universitetet og byrja på arbeid som augelege i Warszawa. Som ung hadde han arbeidd med eit språkprosjekt. Faren tykte ikkje om prosjektet, og brende materialet. Zamenhof byrja då på eit nytt prosjekt, og prøvde å skaffa pengar til utgjeving av ei bok om utviklinga av språket. I 1887 fekk han utgjeve eit bok med økonomisk stønad frå sin komande svigerfar. Boka vart gjeve ut under psevdonymet Doktoro Esperanto (den vonande dokter). Språket esperanto fekk seinare namn etter dette namnet. For Zamenhof var tanken ikkje berre å laga eit nytt språk, men òg eit middel til spreiing av idear om korleis det er mogleg for ulike folkeslag å leva saman.
Noter
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.