From Wikipedia, the free encyclopedia
Ludwig Runzheimer (28. juli 1912–6. juli 1946) var ein tysk statsborgar frå Gladenbach i Hessen og kriminalassistent i Gestapo som var verksam i Noreg under andre verdskrigen.
Runzheimer var utdanna som telegrafist i det tyske luftvåpenet. Han var medlem av NSDAP frå 1934. Han tenestegjorde i det tyske grensepolitiet frå november 1938 til krigsutbrotet i 1939. Då gjekk han inn i det hemmelege feltpolitiet, og tenestegjorde i Nederland, Belgia, Frankrike og Russland før han i september 1944 vart beordra til Bergen, der han arbeidde for Gestapo i avdeling IV E fram til den tyske kapitulasjonen. Han hadde ei sentral stilling på Espeland fangeleir dei siste månadene før kapitulasjonen.
Ludwig Runzheimer vart dømd til døden for krigsbrotsverk i Gulating lagmannsrett 13. april 1946. Dommen vart ikkje anka, og han vart avretta på Sverresborg festning i Bergen 6. juli 1946.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.