Libor Charfreitag
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Libor Charfreitag (fødd 11. september 1977) er ein slovakisk tidlegare sleggjekastar frå Trnava. Han vart europameister i sleggekast i 2010, og fekk VM-bronse i 2007. Charfreitag sin personlege rekord på 81,81, vart oppnådd under eit stemne i Praha i 2003.
Libor Charfreitag | |
Statsborgarskap | Slovakia |
Fødd | 11. september 1977 (47 år) Trnava |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000 |
Charfreitag deltok mellom 2002 og 2010 i ei rad meisterskapsfinalar. Første gongen, i EM 2002 i München, vart han nummer sju. Same plasseringa oppnådde han under OL 2004 i Athen.
I 2007 vann Charfreitag den fyrste medaljen i eit stort internasjonalt meisterskap, då han kom på bronseplass i sleggetevlinga under verdsmeisterskapen i Osaka. I finalen presterte han sitt lengste kast for sesongen, 81,60 m, men kunne ikkje hamle opp med korkje Ivan Tsikhan eller Primož Kozmus. Charfreitag nådde sitt mål om ei meisterskapstittel då han vann europameisterskapen 2010 med eit kast på 80,02, og slo italienaren Vizzioni med nesten ein meter.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.