dansk skribent From Wikipedia, the free encyclopedia
Lene Kaaberbøl (fødd 24. mars 1960) er ein dansk forfattar frå København. Ho har cand.mag. i engelsk og dramaturgi frå Aarhus Universitet. Inspirert av The Lord of the Rings (Ringenes herre) av Tolkien og Ursula K. Le Guins trilogi om Jordhavet føregår mange af Lene Kaaberbøl sine bøker i mytiske fantasy-mellomalderunivers. Bak dette gøymer personskildringar og jordnære problemstillinger om å vekse opp og verte vaksen seg. Kaaberbøl er medeigar i forlaget Phabel.
Lene Kaaberbøl | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 24. mars 1960 (64 år) København |
Yrke | skribent, barnebokforfattar |
Språk | dansk |
Lene Kaaberbøl har m.a. skrive barnebokserien Skammerserien (Skammarserien på norsk) som består av fire bind:
Serien er omsett til mange språk og utgjeven eller planlagt utgjeven i m.a. USA, England, Sverige, Japan, Tyrkia, Frankrike, Tyskland, Nederland, Russland, Litauen, Noreg og Færøyane. Ein filmatisering av fyrste bind i Skammarserien kom ut i 2015.[1]
W.I.T.C.H.-bøkene er skrivne på engelsk og sidan omsett til dansk, norsk og andre språk.
Parallelt med bøkene finst òg teikneserien W.I.T.C.H., som vert utgjeven i bladet W.I.T.C.H.. Teikneseriehistoriene (som vert teikna og skrivne internt i Disney) kjem sidan i spesielle bøker (W.I.T.C.H-sagaene).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.