From Wikipedia, the free encyclopedia
Leevan Sands (fødd 16. august 1981) er ein bahamansk tresteghoppar frå Nassau. Han vann bronsemedaljen i øvinga i VM 2003 og i OL 2008.
Leevan Sands | |
Statsborgarskap | Bahamas |
Fødd | 16. august 1981 (43 år) Nassau på Bahamas |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004, Friidrett under Sommar-OL 2016, Samveldeleikane 2002, Panamerikanske leker 2015 |
Våren 2002 sette Sands personleg rekord med eit tresteghopp på 17,50 meter under eit stemne i Odessa i delstaten Texas i USA. Han vart tredjemann i øvinga i så vel samveldeleikane 2002 i Manchester, som under verdsmeisterskapen 2003 i Paris/Saint-Denis. I VM 2005 vart Sands nummer fire, ein centimeter bak bronsemedaljør Marian Oprea frå Romania.
Under OL-finalen 2008 presterte Sands i tredje omgang sitt livs lengste tresteghopp på 17,59 meter. Med det hoppet vann han bronsen, 8 cm bak Nelson Évora og 3 cm bak Phillips Idowu. I dei komande store meisterskapane enda han som nummer 4 i VM 2009, nummer 7 i VM 2011 og nummer fem i OL 2012.
I februar 2006 testa Sands positivt på middelet levometamfetamin og vart straffa med seks månaders utestenging frå idretten grunna brot på doping-vedtektene.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.