norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Lars Korvald (29. april 1916–4. juli 2006) var ein norsk politikar frå Kristeleg Folkeparti. Han var statsminister frå 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973. Han var òg formann i Kristeleg Folkeparti, stortingsrepresentant frå 1961 til 1981 og Lagtingspresident.
Lars Korvald | |||
| |||
Fødd | 29. april 1916 Mjøndalen | ||
---|---|---|---|
Død | 4. juli 2006 (90 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar, embetsmann, skuleleiar, agronom, forkynnar | ||
Utdanna ved | Norges landbrukshøgskole | ||
Ektefelle | Ruth Aarny Korvald | ||
Medlem | Europarådets parlamentarikerforsamling | ||
Verv | Statsminister i Noreg 1972-1973 | ||
Føregangar | Trygve Bratteli | ||
Etterfylgjar | Trygve Bratteli | ||
Alle verv |
|
Korvald var fødd i Nedre Eiker kommune i Buskerud fylke. Han studerte på jordbrukslinja ved Noregs landbrukshøgskule i 1940-1943.[1]
Han var landbrukslærar ved Tomb jordbruksskole 1943-1948, og blei seinare rektor her frå 1952 til 1977. Mellom 1948 og 1952 var Korvald sjefskonsulent i Landslaget Norske Jordbruksklubber (seinare Norske 4-H).[1]
Lars Korvald si regjering etterfylgde Trygve Bratteli si fyrste regjering i 1972. Trygve Bratteli hadde sagt at regjeringa frå Arbeidarpartiet ville gå av om det vart nei- fleirtal i folkerøystinga om EF-medlemsskap. Då det vart nei-fleirtal og Bratteli si regjering gjekk av, danna Korvald ei regjering med stønad frå partia Venstre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet. Ei viktig oppgåve for regjeringa var å forhandla fram ei norsk handelsavtale med EF. Mindretalsregjeringa til Korvald gjekk av i 1973, og Trygve Bratteli si andre regjering tok over.
Lars Korvald var fylkesmann i Østfold frå 1981 til 1986.[1]
Det var Lars Korvald som i 1972 tok den då 25 år gamle Kjell Magne Bondevik inn i rikspolitikken ved å gjera han til statssekretær ved statsministeren sitt kontor.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.