art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Lappsporv (Calcarius lapponicus) er ein robust, mellomstor sporvefugl med leveområde i nordlege Europa og Asia, og i nordlegste Nord-Amerika. Han var tidlegare klassifisert i busksporvfamilien, men er no ein del av ein familie av arktiske artar i Calcariidae.
Lappsporv | |
Lappsporvhann | |
Lappsporvhoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Sterkt truga[1] Utbreiinga av lappsporv | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Busksporvfamilien Emberizidae |
Slekt: | Calcarius |
Art: | Lappsporv C. lapponicus |
Vitskapleg namn | |
Calcarius lapponicus |
Den vaksne hannen måler 15,5-16 cm på lengda og hoa er noko mindre. Lappsporven utmerker seg med ei lang bakklo, som er lengre enn sjølve baktåa og mindre bøygd enn på dei andre busksporvane. På den vaksne hannen er isse, kinn, strupe og øvre del av brystet heilsvart. Frå nebbrota strekker seg ein lys augebrynsstrek som går bakom dei svarte øyredekkfjørene og ned på halsen. Nakken er rustbrun. Rygg, skuldrrar og vengedekkfjør er spraglete i svart og rustbrunt. Undersida er kvit med rustgul tone. Sidene er teikna med svarte flekkar. På hoa manglar det svarte på hovudet, strupen og kroppssidene, og fargane er i det heile bleikare og meir rustbrune. Ho har eit svartflekka lyst bryst.
Lappsporven er ein trekkfugl som har eit bortimot sirkumpolart hekkeområde frå Skandinavia sine fjell, over det arktiske Eurasia, i Alaska, Canada, det nordlegaste USA (dei samla 48 statane), og Grønland sin vestkyst. Han overvintrar på steppene i Russland og Sentralasia frå Svartehavet og aust til Nord-Korea og Japan, i USA, i Danmark, på dei britiske øyane og utmed kystane i det nordlege Vest-Europa.
Lappsporven vert delt inn i tre til fem underartar.
Lappsporven hekkar vanleg i fjelltraktene i Sør-Noreg frå Setesdalsheiane i den nordlegaste delen av Aust-Agder og Hardangervidda og nordaustover mot Dovrefjell og Sylane ved svenskegrensa. I Møre og Romsdal hekkar arten også somme stader ute ved kysten. I Nord-Noreg er fuglen utbreidd nordover langs fjellkjeda mot Sverige i Nordland og Troms. I Finnmark til Varangerhalvøya og Kirkenes. I Nordland og Troms også spreidd somme stader langs kysten. I Finnmark finst fuglen spreidd som hekkefugl i kystområda, men den største bestanden finst på Finnmarksvidda. I fjellområda i Sør-Noreg hekkar lappsporven frå 650 moh. til 1200-1300 moh., vanlegast i vierregionen 1000-1200 moh. Lappsporven trivst best i karrig fjellterreng med krekling, dvergbjørk og ein del vier, men også i kanten av større myrkompleks som er omgjevne av meir karrig vegetasjon. Arten finst også i område med store steinar som vert brukte som sangpostar. I Finnmark kan arten hekke opp tll 600 moh., på Varangerhalvøya opp til 300 moh. Den norske hekkebestanden er truleg på 200 000-500 000 par. Dei fleste av desse finst i fjelltraktene i Sør-Noreg og i Finnmark.[2]
Populasjonen gjekk sterkt attende i perioden 2002 til 2012. Forskarane meinte at nedgangen kan vere relatert til klimaendringar.[3]
Lappsporvane flyg ut av landet i september-oktober. Norske fuglar overvintrar truleg i steppeområda i Asia, og arten har dermed ei søraustleg trekkretning. Om våren kjem fuglane til Sør-Noreg frå midten av april og til fjelltraktene frå byrjinga av mai. Til Finnmark kjem lappsporvane i midten eller i siste halvparten av mai.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.