From Wikipedia, the free encyclopedia
Lappland er eit landskap i øvre Norrland i Nord-Sverige. Området grensar til Noreg i vest, i nordaust til Finland, i aust til Norrbotten og Västerbotten i tillegg til Ångermanland og Jämtland i sør. Lappland er Sveriges største landskap og utgjer kring ein fjerdedel av Sverige. Området vert nokre gonger kalla for den siste villmarka i Europa. Lappland (fi. Lappi) er òg namnet på eit finsk landskap, sjå Lappland i Finland.
Lappland | |||
landskap | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Region | Norrland | ||
Län | Västerbotten Norrbotten Jämtland | ||
Del av | Sverige | ||
Høgaste punkt | Kebnekaise | ||
• høgd | 2 111 moh. | ||
Areal | 109 702 km² | ||
Folketal | 89 298 (31. desember 2020)[1] | ||
![]() Lappland i Sverige 65.929°N 16.743°E | |||
Wikimedia Commons: Lappland | |||
Lappland er delt mellom Västerbottens län og Norrbottens län.
Mange forfattarar, målarar og andre kunstnarar har vorte inspirerte av Lappland, mellom anna Ernst Didring og Per Daniel Holm.
Naturen i Lappland vert for ein stor del utgjort av skog (barskog og fjellbjørkeskog), tundra og fjell.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.