Villmark
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Villmark og øydemark er ville naturområde som ikkje er synleg prega av teknologi og fysiske inngrep frå nyare tid (som vegar, kraftutbygging og liknande), også kalla «inngrepsfrie naturområde» og «urørt natur». Villmark er ikkje «urørt» i snever forstand, ettersom både kulturspor frå tidlegare bruk, fangst og jakt og liknande og dessutan tradisjonell hausting i form av beite og slått, kan vera ein viktig dimensjon her. Det kan også vera stader her som det knyter seg historiske hendingar, tru eller tradisjonar til (som elles i landskapet). Til dømes vil eit haustingslandskap, det vil seia eit kulturlandskap, også kunne vera villmarksprega og «urørt», fordi det ikkje er ramma av nyare tekniske inngrep.
I februar 2024 la Naturrisikoutvalet fram ein rapport som anslo at det var 12 prosent villmark i Noreg.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.