Lake Malawi

From Wikipedia, the free encyclopedia

Lake Malawi

Lake Malawi er eit tsjekkisk indie pop-band frå Třinec i Tsjekkia og vart skipa i 2013. Bandet består av hovudvokalist, gitarist og keyboardist Albert Černý, bassist og keyboardist Jeroným Šubrt og trommeslagaren Antonín Hrabal. Lake Malawi vart skipa av Černý, etter at han forlét sitt førre band, Charlie Straight. Debut-EP-en We Are Making Love Again vart sloppen i 2015, etterfulgt av debutalbumet Surrounded by Light i 2017. Gruppa representerte Tsjekkia i Eurovision Song Contest 2019 med songen «Friend of a Friend», der dei kom på ellevteplass i finalen.

Denne artikkelen handlar om musikkgruppa. For innsjøen med dette namnet, sjå Malawisjøen.
Kjappe fakta Aktiv, Sjanger ...
Lake Malawi
Thumb
Aktiv2018
Sjangerindiepop
Lukk

Bakgrunn

Lake Malawi vart skipa av frontfigur Albert Černý etter at hans førre band, Charlie Straight, vart oppløyst september 2013.[1][2] Bandnamnet Lake Malawi er inspirert av songen «Calgary» av Bon Iver, frå bandet sitt selvtitulerte album frå 2011.[3] Gruppa gav seinare ut debutsingelen «Always June» i 2014, og framførte han live under eit intervju med BBC London. I 2014 opptredde Lake Malawi ved fleire store tsjekkiske musikkfestivalar som Colours of Ostrava og Rock for People, og dessutan The Great Escape Festival i Storbritannia. I 2015 gav gruppa ut sin første EP, We Are Making Love Again.[4] Lake Malawi har vore oppvarmingsband for fleire internasjonale artistar som har hatt konsertar i Praha, blant andre The Kooks, Mika og Thirty Seconds to Mars.[5] I 2016 forlét trommeslagar Pavel Palát bandet og vart erstatta av Antonín Hrabal.

I 2017 slapp Lake Malawi debutalbumet Surrounded by Light på eige merke.[6][7] To singlar vart utgjeven frå albumet, tittelsporet «Surrounded by Light» og songen «Paris», som begge tok seg inn på hitlisten Rádio – Top 100 i Tsjekkia.[8] Hovudgitarist Patrick Karpentski forlét bandet seint i 2017.

I 2019 vart Lake Malawi vald til å representere Tsjekkia i Eurovision Song Contest med songen «Friend of a Friend».[3][9][10][11][12]

Medlemmar

Tidlegare

  • Pavel Palát (2013–16) – trommar
  • Patrick Karpentski (2013–17) – gitar

Diskografi

Studioalbum

  • Surrounded by Light (2017)

EP

  • We Are Making Love Again (2015)

Singlar

Meir informasjon Singel, År ...
Singel År Høgaste

listeplassering

Album eller EP
TSJ
[8]
«Always June» 2014 34 Ikkje fra album
«Chinese Trees» 25 We Are Making Love Again
«Aubrey» 2015
«Young Blood»
«We Are Making Love Again» 2016 43
«Prague (In the City)» 2017 Surrounded by Light
«Surrounded by Light» 64
«Not My Street» Ikkje fra album
«Bottom of the Jungle» Surrounded by Light
«Paris» 85
«Spaced Out» 2018
«Friend of a Friend» 2019 Ikkje fra album
Lukk

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.