fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Kvitvengsvartterne (Chlidonias leucopterus), er ei sumpterne i måsefamilien Laridae. Det er ein liten art som vanlegvis finst i eller i nærleiken av ferskvatn over store delar av verda, inkludert Europa, Afrika, Asia og Australia. Slektsnamnet er frå gammalgresk khelidonios, «svaleliknande». Artsnamnet leucopterus er gresk for «kvitvenga».[1]
Kvitvengsvartterne | |
Kvitvengsvartterne | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av kvitvengsvartterne | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Måsefamilien Laridae |
Underfamilie: | Sterninae |
Slekt: | Sumpterner Chlidonias |
Art: | Kvitvengsvartterne C. leucopterus |
Vitskapleg namn | |
Chlidonias leucopterus |
Voksne fuglar har ei hekkedrakt hovudsakleg i kontrastrikt svart og kvitt: Bakkropp inkludert stjert og tars, samt oversida av vengene er kvite. Det meste av kroppen og heile hovudet er svart. Nebbet er svart eller har mørk raud fargetone. Underdekkfjørene er svarte.
Utanom hekketida er det meste av det svarte i fjørdrakta erstatta av kvitt eller lysegrått, sjølv om nokre få mørke fjører finst kombinert med kvit underside. Ein god del svart vises i underdekkfjørene. Hovudet er kvitt med svartbrun, flekka krone.
Kvitvengsvartterna har ei kroppslengd på 20-24 cm med vengespenn på 50-56 cm. Samanlikna med svartterne har dei kortare nebb, men litt lengere bein.
Hekkehabitatet deira er ferskvassmyrer over frå Søraust-Europa til Sentral-Asia og det russiske fjerne austen. Dei hekkar vanlegvis anten på flytande vegetasjon i ei myr eller på bakken svært nær vatn, og legg 2-4 egg i eit reir bygd av små takrøyrstammar og annan vegetasjon. Om vinteren trekker dei til Afrika, Sør-Asia og Australia.
Kvitvengsvartterna er ein årleg streiffugl i Noreg.[2] Ho er ein sjeldan streiffugl over til Nord-Amerika, hovudsakleg på atlanterhavskysten, men nokre få registreringar på stillehavskysten og innlandet i området ved Dei store sjøane.[3]
Til liks med dei andre sumpternene (Chlidonias), og i motsetning til dei «kvite» Sterna-ternene, stupdukkar ikkje desse fuglane etter fisk, men flyg sakte over vatnet for å plukke føde på overflata og fange insekt på flukt. Dei et hovudsakleg insekt og småfisk. I flukt er vengeslaga grunne og rolege.
Kvitvengsvartterne er ein av artene som vert omfatta av avtala om vern av afrikanskeurasiatiske trekkjande vassfuglar, AEWA.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.