planteart From Wikipedia, the free encyclopedia
Kvitkurle (Pseudorchis albida) er ein plante i kvitkurleslekta Pseudorchis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]
Kvitkurle | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Pseudorchis | ||
Art: | P. albida | ||
Vitskapleg namn | |||
Pseudorchis albida
(Linné) Á.Löve & D.Löve | |||
Økologi | |||
Habitat: | kalkrik grasmark | ||
Utbreiing: | Eurasia | ||
Kvitkurle er ei lita gulgrøn plante som kan blir om lag 25 centimeter høg. Planta har små kvite blomar med tredelt leppe i eit smalt aks. Sideflikane på leppa er smalare og kortare enn midtfliken.
Kvitkurle var tidlegare knytt til slektsnamnet Leucorchis,[2] men blir no rekna til slekta Pseudorchis.[3][4] Kvitkurle og den nære slektningen fjellkvitkurle har til tider vore rekna som eigne artar under dei to slektsnamna, til andre tider som underartar, då med kvitkurle som nominatunderarten ssp. albida.
I Noreg veks kvitkurle helst på gammal beitemark og slåttemark i høgareliggjande område, men har òg funne seg til rette i somme lågareliggjande habitat. Arten har eit tyngdepunkt i Midt-Noreg.[5] Planta står på Norsk raudliste for artar, og er i 2021 oppgradert frå nær truga til sårbar (VU).[6]
Arten finst òg i Sverige (status EN, svensk namn vityxne)[7] og i Danmark (sjælden, dansk namn hvid sækspore).[8]
Kvitkurle (engelsk namn small white orchid) veks spreidde stader på Dei britiske øyane, mest i nord, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet.[9] I den britiske raudlista har arten status som sårbar (VU).[10] Lokalt er han sårbar (VU) i England og i Skottland,[11][12] men kritisk truga (CR) i Wales.[13] I Irland er arten verna gjennom forskrifta Flora (Protection) Order, 2015,[14] og på den irske raudlista har han status som sårbar (VU).[15]
I Benelux var arten (nederlandsk namn witte muggenorchis, fransk namn orchis blanc) i Nederland berre å finne i Limburg, sist sett der i 1908. I Belgia finst han ikkje i Flandern, men i Vallonia er han svært sjeldan i dei nordaustlege Ardennane.[16][17] I den nederlandske raudlista er arten rekna som regionalt utdøydd (RE, verdwenen uit Nederland).[18] I Belgia er han rekna som kritisk truga (CR, menacé d'extinction) i Vallonia.[19] I Luxembourg finst han ikkje.
Kvitkurle kan danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med brudespore (Gymnadenia conopsea × Pseudorchis albida eller ×Pseudadenia schweinfurthii),[20] registrert i Sverige[21] og på Dei britiske øyane i Yorkshire og Skottland.[22] På Orknøyane er det òg registrert ein intergenerisk hybrid med flekkmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × Pseudorchis albida eller ×Pseudorhiza bruniana).[23][22]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.