Kufa
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kufa (arabisk الكوفة, al-Kūfah) er ein by i Irak, kring 170 km sør for Bagdad, og 10 km nordaust for Najaf ved breidda av Eufrat. I 2003 var det estimert eit folketal på 110 000 innbyggjarar. I dag har Kufa og Najaf vokse saman til eit samanhengande byområde, og heile området vert i stor grad berre kalla Najaf.
Kufa | |||
الكوفة | |||
by | |||
Den store moskeen i Kufa fotografert i 1915 | |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
guvernement | Najaf | ||
Folketal | 130 000 | ||
Tidssone | UTC+3 | ||
Kufa 32.03°N 44.4°E | |||
Wikimedia Commons: Kufa | |||
I lag med Samarra, Karbala, Kadhimiya og Najaf, er Kufa ein av fem irakiske byar som er heilag for sjiamuslimar. Byen var den siste hovudstaden for det fjerde Rashidun-kalifen Ali ibn Abu Talib.[1]
I 637 blei byen, som då låg i provinsen Asuristan, erobra av arabarar frå Sassanideriket. Han var på denne tida kjend som Hira, Aqula eller Suristan. i kalifen Umar ibn al-Khattab si regjeringstid blei så Kufa etablert her i 638. Han byrja som ein misr, ein arabisk leirby der det var busett 30 000 veteranar - den største stammegruppa var Banu Badshila.
Byen var ei kort tid, frå 749 til 762, hovudstaden til abbasidane. Han gjekk tilbake etter at Bagdad byrja å auka i tyding.
Kufa hadde ein berømt språkskule der ein utvikla kufisk skrift.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.