From Wikipedia, the free encyclopedia
[[Fil:Sasanian Empire 621 A.D.jpg|mini|Sasanideriket på sitt største, ca. år 620, under Khosrau II. {{plainlist | style = padding-center: 0.6em; text-align: center; | ██ Vanlege territoirum ██ Største utstrekking ei kort tid under krigen mellom Austromarriket og Sasanideriket 602–628 ]]
Sasanidane var det siste innfødde dynastiet i Persarriket (Iran) før den arabisk-muslimske invasjonen på 600-talet. Sasanidetida byrja i 226, då dynastiet erobra Parti, og enda på midten av 600-talet, då riket blei erobra av arabarar.
Namnet på dynastiet kjem frå Sasan, ein stamfar av den første sasanideherskaren Ardasjir I (224-240). Ktesifon var hovudstad i riket. Hovudstaden fall for arabarane allereie i 636.
Statsreligionen i riket var parsisme (zoroastrisme). Retningen zervanisme var den viktigaste retningen innan parsismen i sasanideriket. Profeten Mani (216-277), som hadde utvikla ein ny skriftreligion, var verksam i denne perioden. I 250 fekk Mani kong Sjapur I til å konvertera til manikeismen, og under hans styretid hadde manikeismen stor framgang. Etter at kongen døydde blei Mani og tilhengjarane hans forfølgde. Mani blei teken, fengsla og dødsdømd, men døydde i fengselet før dommen blei fullført.[1][2]
Under sasanidane huste Ktesifon eit av dei største biblioteka i antikken. I samband med den arabiske invasjonen blei biblioteket plyndra, og alle bøkene blei brende eller kasta i Eufrat. Ifølgje historikaren al-Tabari skreiv befalshavaren Sa'd ibn Abi Waqqas til kalif Umar ibn al-Khattab og spurd kva han skulle gjera med boksamlinga i palassa i den sasanidiske hovudstaden. Umar skreiv tilbake at om bøkene var i strid med Koranen var dei blasfemiske, men om dei stemde med han var det ingen fare. Skriftene enda med å bli øydelagde, og dermed blei ein stor del av dei persiske litteraturskattane tapte for ettertida.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.