From Wikipedia, the free encyclopedia
Kryolitt er eit fargelaust til kvitt mineral med liten hardleik. Det krystalliserer monoklint og består av natrium, aluminium og fluor, Na3AlF6. Den einaste større førekomsten er ved Ivittuut (Ivigtut) i Kitaa på Vest-Grønland, der kryolitt, sideritt og fleire andre mineral finst i ei slags pegmatitt. Drifta ved Ivittuut vart innstilt 1962.
Kryolitt | |||
Kryolitt frå Ivigtut på Grønland. | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Halidmineral | ||
Kjemisk formel | Na3AlF6 | ||
Strunz-klassifisering | 03.CB.15 | ||
Dana-klassifisering | 11.6.1.1 | ||
Krystallsymmetri | Monoklin 2/m | ||
Einingscelle | a = 7.7564(3) Å, b = 5.5959(2) Å, c = 5.4024(2) Å; β = 90.18°; Z = 2 | ||
Identifikasjon | |||
Molekylvekt | 209.9 g mol-1 | ||
Farge | fargelaus til kvit, òg brunaktig, raudaktig og sjeldan svart | ||
Krystallform | Vanlegvis massiv, grovt korna. | ||
Krystallsystem | Monoklin 2/m | ||
Tvilling | Særs vanleg, ofte repetert eller polysyntetisk med samtidige tilfelle av fleire tvillinglover | ||
Kløyv | Ingen observert | ||
Brot | Ujamn | ||
Fastleik | Sprø | ||
Mohs hardleiksskala | 2.5 til 3 | ||
Glans | glasaktig til feittete, perleaktig på {001} | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 2.95 til 3.0. | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (+) | ||
Brytingsindeks | nα = 1.3385–1.339, nβ = 1.3389–1.339, nγ = 1.3396–1.34 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.001 | ||
2V-vinkel | 43° | ||
Dispersjon (spreiing) | r < v | ||
Smeltepunkt | 1012 °C | ||
Oppløyselegheit | Lett oppløyseleg i AlCl3-løysing, oppløyseleg i H2SO4 med utviklinga av HF, som er giftig. Uoppløyseleg i vatn.[1] | ||
Andre eigenskapar | Svak termoluminescens. Små klåre fragment vert nesten usynlege i vatn, sidan brytingsindeksen deira er nær vatnet sin. Kan fluorescere intenst gul under kortbølgja UV-stråling med gul fosforescens, og bleik gul fosforescens under langbølgja UV. Ikkje radioaktiv. | ||
Kjelder | [2][3][4][5][6] |
Det viktigaste bruksområdet til mineralet er som flussmiddel for å senke smeltetemperaturen ved aluminiumproduksjonen, men til dette føremålet blir det no nytta kryolitt som er framstelt kunstig av fluoritt. Kryolitt nyttast òg som katalysator i elektrolyse under produksjon av aluminium.
Kryolitt vart først skildra i 1799 frå ein førekomst i Ivigtut og nær Arsukfjorden på Grønland. Mineralet er påvist frå Gjerdingen-ekeritten i Nordmarka ved Oslo.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.