From Wikipedia, the free encyclopedia
Glimmer (òg kalla uformelt kråkesølv) er ei gruppe mineral som til vanleg opptrer i tynne flak. Dei har særeigne kløyveigenskapar, og kan lett delast opp i enda tynnare og tynnare flak. Dette er sjiktsilikat. Glimmermineral er vanlege i gneisar og metamorfe skiferar (glimmerskifer).
Glimmer er mykje mjukare enn kvarts og feltspat. Saman utgjør desse minerala delar av bergarten granitt. Dei to vanlegaste glimmerminerala er muskovitt og biotitt.
Kjemisk har glimmer formelen:[1]
Strukturelt kan glimmer klassifiserast som dioktahedrisk (Y = 4) og trioktahedrisk (Y = 6). Dersom X ionet er K eller Na er glimmeren ein vanleg glimmer. Dersom X ionet er Ca er glimmeren klassifisert som ein sprø glimmer.
Vanleg glimmer:
Sprøtt glimmer:
Vanleg glimmer:
Sprøtt glimmer
Glimmer med vatn og varierande ioneinnhald mellom sjikta:
Kråkesølv er ei uformell nemning for sølvaktige, blanke skjel, blad eller plater av fargelaus glimmer (vanlegvis muskovitt). Gylne flak av forvitra mørk glimmer (biotitt), og det messingfarga, sprø og harde mineralet pyritt (svovelkis) kan nokre gonger takast for å vere gull, og vert gjerne kalla kråkegull (engelsk fool's gold).
I 2005 produserte Kina mest glimmer; opp imot 1/3 av verdsproduksjon tett følgd av USA, Sør-Korea og Canada, rapporterer British Geological Survey.
Glimmer er mykje utbreidd og ein finn det i magmatiske, metamorfe og sedimentære bergartar. Store glimmerkrystallar som blir nytta mange stader har vorte utvunne frå granittiske pegmatitter.
Fram til 1800-talet var store glimmerkrystallar ganske sjeldne og dyre på grunn av små førekomstar i Europa. Prisane på glimmer fall drastisk då store førekomstar vart funne og brote i Afrika og Sør-Amerika tidleg på 1800-talet.
Glimmer tåler høg varme og er ein god isolator. Derfor har den blitt mykje brukt til pakningar i elektriske apparat som brødristarar, og anna elektrisk materiell som skal tåle høg temperatur.
Glimmer har ein høg dielektrisk styrke og er svært kjemisk stabilt, noko som gjer at det blir nytta i glimmerkondensatorar til høgfrekvens-utstyr. Glimmer blir òg nytta som elektrisk isolatormateriale i høgspenningsutstyr. Glimmerisolatorar vert nytta for elektriske feltstyrke opp til 60 kV/mm.
Fordi glimmer tåler høg varme opp til minst 600 °C, vert det nytta det i staden for glas i omnsruter (marieglas). Glimmer vert òg nytta som isolator i elektriske leiarar i elektriske kablar som må vere brannfaste – som til dømes for naudlys.
Glimmer kan kjøpast i flak og er lett å klippe opp.
Glimmer har vore kjent og nytta sidan steinalderen til m.a. å få leirtøy til å glimre.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.