Engelske regentar er ei liste over personar som har hatt stillinga som regent av England eller noko tilsvarande i tida før det sameinte kongariket eksisterte. Den første personen som tok tittelen Rex Anglorum ('konge over engelskmennene', engelsk King of the English) var Offa av Mercia, men tittelen døydde med han. På 800-talet blei kongane av Wessex, som erobra Kent og Sussex frå Mercia i 825, stadig sterkare i høve til dei andre engelske kongedøma. Den ubrotne engelske kongerekkja byrjer tradisjonelt med Egbert av Wessex 829. Alfred den store og sonen hans Edvard den eldre nytta tittelen konge av angelsaksarane (engelsk King of the Anglo-Saxons). Etter at Athelstan hadde erobra Northumbria i 927 tok han tittelen Rex Anglorum. Frå Henrik II kom på trona i 1154 blei tittelen Rex Angliae ('Konge av England', engelsk King of England).
Fyrstedømet Wales blei del av Kongeriket England gjennom Rhuddlanstatuttane frå 1284. I 1301 gav Edvard I tittelen Prins av Wales (engelsk Prince of Wales) til eldstesonen sin, den framtidige Edvard II. Sidan dette har eldstesonen til alle engelske monarkar, bortsett frå Edvard III, hatt denne tittelen.
Etter at Elisabet I hadde døydd utan arvingar i 1603 blei den engelske og skotske krona sameint i personalunion under Jakob VI av Skottland, som blei Jakob I av England. Gjennom ei kongeleg kunngjering kalla Jakob seg sjølv Konge av Storbritannia (engelsk King of Great Britain), men eit slikt kongerike eksisterte ikkje før 1707, då England gjekk i realunion med Skottland gjennom unionsaktene og skipa Det sameinte kongeriket Storbritannien (engelsk United Kingdom of Great Britain).[1] Regentar frå og med skipinga av denne unionen er derfor lista opp på lista over britiske regentar.
Dei to romerske keisarane Marcus Mausaeus Carausius (285–293) og Caius Allectus (293–296), som styrte over den romerske provinsen Britannia, er ikkje med på lista under ettersom dei var pretendentar til den romerske keisartrona og ikkje regentar over eit engelsk rike.
Slekta Mercia
Ifølgje visse kjelder skal den første som tok tittelen Rex Anglorum ha vore Offa 774, som hadde vore konge av Mercia sidan 757. Dette byggjer på dokument som truleg blei forfalska på 900-talet.[2][3] Offa omtalar likevel seg sjølv som Of Rx A på nokre av myntane sine, noko som kan stå for Offa Rex Anglorum.[4] På denne tida hadde dette truleg ei anna tyding enn det det fekk seinare, det vil seia konge over anglarane og ikkje nødvendigvis over saksarane.[4] Fleire tidlegare kongar blei kalla rex anglorum eller ein variant av dette omgrepet i overlevande kjelder: Aldfrith av Northumbria av Aldhelm; Æthelred av Mercia i Felix si Vita sancti Guthlaci (Sankt Guthlacs liv); og Æthelbald av Mercia av sankt Bonifatius.[5]
Slekta Wessex
- For meir om dette emnet, sjå Slekta Wessex.
Den ubrotne lista byrjar tradisjonelt med Egbert, som var konge av Wessex frå 802. Han var den første kongen av dette riket som hadde overhøgheit over størsteparten av England.[6] Han sigra over Mercia i 825 og blei bretwalda i 829, men mista seinare makta over Mercia. Alfred den store og sonen hans Edvard den eldre nytta tittelen 'konge over anglosaksarane' (engelsk king of the Anglo-Saxons). Etter at Æthelstan hadde erobra Northumbria i 927 tok han tittelen rex Anglorum ('konge over engelskmennene', engelsk King of the English).
Det finst visse bevis for att Ælfweard av Wessex kan ha vore konge i to veckor 924, mellom faren Edvard den eldre og broren Athelstan, sjølv om han ikkje blei krona.[7][8] Dette er ikkje godteke av alle historikarar.
Namn Norsk · Moderne engelsk · Gammalengelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
---|---|---|---|---|---|---|
Egbert (Egbert · Ecgberht) |
Omkring 769 eller 771 son av Ealhmund av Kent |
Konge 829 | 4. februar 839 | [9][10] | ||
Æthelwulf Edel ulv (Ethelwulf · Æþelwulf) |
Omkring 795 i Aachen i Tyskland son av Egbert av Wessex og Redburga |
Konge 4. februar eller juli 839 etter at Egbert døydde | Avsett som konge av Wessex av sonen sin Æthelbald i 856 Framleis konge av Kent og austlegaste delen av Wessex til han døydde |
13. januar 858 i Stamridge i Wessex |
[6] | |
Æthelbald Edelmodig (Ethelbald · Æþelbald) |
Omkring 834 i Wessex son av Æthelwulf av Wessex og Osburga |
Konge over størstedelen av Wessex 856 då Æthelwulf blei avsett Konge av heile Wessex og Kent 858 då Æthelwulfs døydde |
20. desember 860 i Wessex |
[11] | ||
Æthelberht Edel byrd (Ethelberht · Æþelberht) |
Omkring 836 i Wessex son av Æthelwulf av Wessex og Osburga |
Konge 20. desember 860 etter at Æthelbald døydde | Hausten865 i Sherborne |
[6] | ||
Æthelred Edelt råd (Ethelred · Æþelræd) |
Omkring 837 i Wessex son av Æthelwulf av Wessex og Osburga |
Konge 865 etter at Æthelberht døydde | 23. april 871 | [6] | ||
Alfred den store Alvråd (Alfred the Great · Ælfræd) |
Omkring 849 i Wantage i Oxfordshire son av Æthelwulf av Wessex og Osburga |
Konge 24 april 871 etter at Æthelred døydde | 26. oktober 899 i Winchester |
[12][13][14] | ||
Edvard den eldre (Edward the Elder · Eadweard se Ieldra) |
870-talet i Wantage i Oxfordshire son av Alfred den store og Ealhswith |
Konge 26. oktober 899 etter at Alfred den store døydde | 17. juli 924 i Farndon i Cheshire |
[15][16][17] | ||
Ethelweard Edel vaktar (Ælfweard [Alvvaktar]) |
904 i Wessex son av Edvard den eldre og Elfleda |
Konge 17. juli 924 etter at Edvard den eldre døydde | 2. august 924 i Oxford |
|||
Æthelstan den ærerike Edel stein (Athelstan the Glorious · Æþelstan/Æðelstan) |
Omkring 895 i Wessex son av Edvard den eldre og Ecgwynn |
Konge 2 eller 3. august 924 etter at Ethelweard døydde | 27. oktober 939 | [18] | ||
Edmund den strålande (Edmund the Magnificent · Eadmund) |
Omkring 921 i Wessex son av Edvard den eldre og Eadgifu av Kent |
Konge 27. oktober 939 etter at Æthelstan den ærerike døydde | 26. mai 946 drepen i Pucklechurch |
[19][20] | ||
Edred (Eadred · Eadred) |
Omkring 923 i Wessex son av Edvard den eldre og Eadgifu av Kent |
Konge 26. mai 946 etter mordet på Edmund den strålande | 23. november 955 i Frome i Somerset |
[21][22] | ||
Edwy den rettvise (Eadwig the Fair · Eadwig) |
Omkring 940 eller 941 i Wessex son av Edmund den strålande og Elgiva av Shaftesbury |
Konge 23. november 955 etter at Edred døydde | 1. oktober 959 i Gloucester |
[23][24] | ||
Edgar den fredelege (Edgar the Peaceful · Eadgar) |
Omkring 7. august 943 i Wessex son av Edmund den strålande og Elgiva av Shaftesbury |
Konge 1. oktober 959 etter at Edwy døydde | 8. juli 975 i Winchester |
[25][26] | ||
Edvard Martyren (Edward the Martyr · Eadweard) |
Omkring 962 son av Edgar den fredelege og Ethelfleda |
Konge 8. juli 975 etter at Edgar den fredelege døydde | 18. mars 978 drepen på slottet Corfe Castle i Dorset |
[27] | ||
Ethelred den villrådige (Ethelred the Unready · Æþelræd Unræd) |
Omkring 968 son av Edgar den fredelege og Elfrida |
Konge 18. mars 978 etter mordet på Edvard Martyren | Sommaren 1013 avsett og tvinga i eksil av den danske kongen Sven Tviskjegg |
[28][29][30] | ||
Namn Norsk · Moderne engelsk · Gammalengelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
Dansk styre
- For meir om dette emnet, sjå Jellingdynastiet.
Etter den danske invasjonen i 1013 kom England under dansk styre under og etter regeringstida til Ethelred den villrådige.
Namn Norsk · Moderne engelsk · Dansk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
---|---|---|---|---|---|---|
Sven Tviskjegg (Sweyn Forkbeard · Svend Tveskæg) |
Omkring 960 son av Harald Blåtann og Gyrid Olavsdotter |
Konge 25. desember 1013 etter ein framgangsrik invasion av England |
3. februar 1014 i Gainsborough |
[31][32][33] | ||
Namn Norsk · Moderne engelsk · Dansk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
Slekta Wessex (gjeninnsett første gongen)
Etter at Sven Tviskjegg døydde vende Ethelred den villrådige tilbake frå eksil og blei gjenutropt til konge den 3. februar 1014.[34] Sonen hans etterfølgde han etter å ha blitt vald til konge av innbyggjarane i London og ein del av Witenagemot,[35] trass i pågåande danske forsøk på å ta tilbake krona frå vestsaksarane.
Namn Norsk · Moderne engelsk · Gammalengelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
---|---|---|---|---|---|---|
Ethelred den villrådige (Ethelred the Unready · Æþelræd Unræd) |
Konge 3. februar 1014 etter at Sven Tviskjegg døydde | 23. april 1016 i London |
[28][29] | |||
Edmund Jernside (Edmund Ironside · Eadmund Isen-Healf) |
Omkring 988 eller 993 son av Ethelred den villrådige og Aelgifu av York |
Konge 23. april 1016 etter at Ethelred den villrådige døydde | 30. november 1016 i Oxford |
[35][36] | ||
Namn Norsk · Moderne engelsk · Gammalengelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
Dansk styre (gjeninnsett)
Etter det avgjerande slaget ved Ashingdon den 18. oktober 1016 skreiv kong Edmund under på ein avtale med Knut der sistnemnde fekk makta over heile England bortsett frå Wessex.[37] Då Edmund døydde den 30. november tok Knut over styret over heile England.
Namn Norsk · Moderne engelsk · Dansk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
---|---|---|---|---|---|---|
Knut den store (Canute the Great · Knud den store) |
Omkring 995 son av Sven Tviskjegg og Sigrid Storråde |
Konge 30. november 1016 etter at Edmund Jernside døydde |
12. november 1035 i Shaftesbury |
[38][39] | ||
Harald Harefot (Harold Harefoot · Harald Harefod) |
Ein gong mellom 1015 og 1017 son av Knut den store og Aelgifu av Northampton |
Konge over England nord for Themsen 12. november 1035 etter at Knut den store døydde Konge over heile England 1037 |
17. mars 1040 i Oxford |
[40][41] | ||
Hardeknut (Harthacnut · Hardeknud) |
1018 i England son av Knut den store og Emma av Normandie |
Konge 17. mars 1040 etter at Harald Harefot døydde |
8. juni 1042 i Lambeth ved London |
[42][41] | ||
Namn Norsk · Moderne engelsk · Dansk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
Slekta Wessex (gjeninnsett andre gongen)
Etter at Hardeknut hadde døydd følgde ei kortvarig saksisk gjentaking av krona mellom 1042 og 1066. Etter det avgjerande slaget ved Hastings blei Vilhelm II av Normandie konge av England.
Namn Norsk · Moderne engelsk · Gammalengelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
---|---|---|---|---|---|---|
Edvard Vedkjennaren (Edward the Confessor · Eadweard se Andettere) |
Omkring 1003 i Islip i Oxfordshire son av Ethelred den villrådige og Emma av Normandie |
Konge 8. juni 1042 etter at Hardeknut døydde |
5. januar 1066 i London |
[43] | ||
Harald Godwinson (Harold Godwinson · Harold Godwines sunu) |
Omkring 1022 i Wessex son av earlen Godwin av Wessex og Gytha Thorkelsdóttir |
Konge 5. januar 1066 etter at Edvard Vedkjennaren døydde | 14. oktober 1066 fall i slaget ved Hastings |
[43] | ||
Edgar den fredlause (Edgar the Atheling · Edgar Æþeling) |
Omkring 1053 i Ungern son av Edvard den landflyktige og Agatha |
Utropa til konge 15. oktober 1066 etter at Harald Godwinson døydde (men aldri krona) |
10. desember 1066 sa frå seg trona til fordel for Vilhelm erobraren |
cirka 1126 | [44][45] | |
Namn Norsk · Moderne engelsk · Gammalengelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
Den normanniske ætta
- For meir om dette emnet, sjå Normannarar.
Hertug Vilhelm II av Normandie, som var vasall til kongen av Frankrike og søskenbarn til Edvard vedkjennaren, invaderte og erobra England i 1066 og gjorde då flyttinga av den engelske hovudstaden frå Winchester til London permanent. Etter at Harald Godwinson døydde i det avgjerande slaget ved Hastings den 14. oktober, valde den angelsaksiske witanen Edgar den fredlause til konge i staden for Harald, men han lukkast ikkje å stå imot invasjonen og blei aldri krona. Vilhelm blei krona til konge av England på juledagen (25. desember) 1066, og er i dag kjend som Vilhelm erobraren, Vilhelm den uekte eller Vilhelm I.
Frå og med Vilhelm og etterkomarane hans tok dei engelske regentane tok ordenstal på fransk vis, men den eldre tradisjonen med å skilja monarkane ved hjelp av kallenamn døydde ikke ut på grunn av dette.
Namn Norsk · Engelsk · Fransk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
---|---|---|---|---|---|---|
Vilhelm I (erobraren) Vilhelm den uekte (William I / William the Conqueror / William the Bastard · Guillaume le conquérant / Guillaum le bâtard) |
Omkring 1027 eller 1028 på slottet i Falaise son av hertug Robert I av Normandie og Herleva |
Konge 25. desember 1066 etter at Edgar den fredlause hadde sagt frå seg trona |
9. september 1087 i Rouen, av sjukdom eller etter å ha skadd seg i salen under riding |
[46] | ||
Vilhelm II (Rufus) (William Rufus · Guillaume le roux) |
Omkring 1056 eller 1060 i Normandie son av Vilhelm erobraren og Matilda av Flandern |
Konge 9. september 1087 etter at Vilhelm erobraren døydde | 2. august 1100 drepen av ei pil i New Forest under uklare omstende |
[46] | ||
Henrik I (Beauclerc) (Henry Beauclerc · Henri Beauclerc) |
September 1068 eller 1069 i Selby son av Vilhelm erobraren og Matilda av Flandern |
Utropad til kong 5. august 1100 etter at Vilhelm II døydde |
1. desember 1135 på slottet i Lyons-la-Forêt (Saint-Denis-en-Lyons) |
[47] | ||
Stefan av Blois (Stephen of Blois · Étienne de Blois) |
Omkring 1092, 1096 eller 1097 i Blois son av grev Stefan II av Blois og Adela av Normandie |
Konge 22. desember 1135 etter at Henrik I døydde |
25. oktober 1154 på slottet i Dover |
[48][47] | ||
Namn Norsk · Engelsk · Fransk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
Omstridd pretendent
Keisarinne Matilda blei utnemnd til tronfølgjar av far sin, Henrik I, og anerkjend av baronane. Då Henrik døydde tok likevel fetteren hennar Stefan av Blois makta. Deretter følgde det engelske anarkiet. Matilda var de facto herskar nokre månader i 1141, men ho blei aldri krona og blir sjeldan teken med på lister over engelske regentar. Tittelen keisarinne kjem av at ho i det første ekteskapet sitt var gift med den tysk-romerske keisaren Henrik V.
Namn Norsk · Engelsk · Fransk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
---|---|---|---|---|---|---|
Keisarinne Matilda (Empress Matilda · Mathilde l'emperesse) |
7. februar 1102 i Sutton Courtenay dotter av Henrik I og Edith av Skottland |
Utropt til regjerande dronning 7. april 1141 i opposisjon til Stefan av Blois, ikkje anerkjend overalt i riket |
1. november 1141 | 10. september 1167 i Notre Dame du Pré i Rouen |
[49][50] | |
Namn Norsk · Engelsk · Fransk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
Slekta Plantagenet
- For meir om dette emnet, sjå Huset Plantagenet.
I november 1153 inngjekk Stefan og Matilda avtalen i Wallingford, der Stefan anerkjende sonen hennar Henrik som tronarving, ettersom hans eigen son hadde døydd.
I staden for å halda til i England styrte ætta Plantagenet frå Aquitaine, eit område dei overtok gjennom Henrik II sitt ekteskap med Eleonora av Aquitaine. Dei såg ikkje på England som den viktigaste heimen sin før det meste av dei franske landa var gått tapt under kong Johan. Dette langlivde dynastiet blir vanlegvis delt i tre ætter: Huset Anjou, Huset Lancaster og Huset York.
Slekta Plantagenet utforma det engelske kongelege våpenskjoldet, som vanlegvis viste andre kongarike som dei eller etterkomarane deira hadde erobra eller gjorde krav på, men i lang tid ikkje representerte Irland.
Namn Norsk · Engelsk · Fransk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
---|---|---|---|---|---|---|
Henrik II (Henry Curtmantle · Henri Court-manteau) |
5. mars 1133 i Le Mans son av grev Gottfrid V av Anjou og keisarinne Matilda |
Konge 25. oktober 1154 etter at Stefan av Blois døydde |
6. juli 1189 i Chinon |
[51] | ||
Henrik den yngre (Henry the Young King · Henri le jeune roi) |
28. februar 1155 son av Henrik II og Eleonora av Aquitane |
Samregent med far sin 14. juni 1170 | 11. juni 1183 i Martel i Limoges |
|||
Rikard I (Løvehjarte) (Richard the Lionheart · Richard Cœur de Lion) |
8. september 1157 på slottet Beaumont Palace son av Henrik II og Eleonora av Aquitaine |
Konge 6. juli 1189 etter at Henrik II døydde |
6. april 1199 i Château de Châlus-Chabrol av eit pilskotsår det gjekk verk i |
[51] | ||
Johan utan land (John Lackland · Jean sans terre) |
24. desember 1166 på slottet Beaumont Palace son av Henrik II og Eleonora av Akvitanien |
Konge 6 april 1199 etter at Rikard Løvehjarte døydde |
19. oktober 1216 i Newark-on-Trent truleg av foreting og for mykje vin |
[52] | ||
Namn Norsk · Engelsk · Fransk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
Omstridd pretendent
Ludvig VIII av Frankrike styrte kortvarig over halve England frå 1216 til 1217 i slutten av den første baronkrigen mot kong Johan. Då han marsjerte inn i London med troppane sine blei han ope teken imot av dei opprørske baronane og innbyggjarane i London og utropat (men ikkje krona) til konge i Sankt Paul-katedralen. Mange adelsmenn, mellom dei Alexander II av Skottland for dei engelske besittingane sine, kom saman for å hylla han. Då han underteikna Lambeth-traktaten i 1217 godtok Ludvig imidlertid at han aldri hadde vore legitim herskar over England.
Namn Norsk · Engelsk · Fransk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
---|---|---|---|---|---|---|
Ludvig Løva (Louis the Lion · Louis le lion) |
5. september 1187 i Paris son av Filip II August av Frankrike og Isabella av Hainaut |
Anerkjend som konge av baronane og innbyggjarane i Londons 21. mai 1216 i opposisjon til kong Johan og deretter Henrik III |
22. september 1217 | 8. november 1226 i Montpensier |
||
Namn Norsk · Engelsk · Fransk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
Namn Norsk · Engelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
---|---|---|---|---|---|---|
Henrik III (Henry of Winchester) |
1. oktober 1207 på slottet Winchester Castle son av Johan utan land og Isabella av Angoulême |
Konge 19. oktober 1216 etter at Johan utan land døydde |
16. november 1272 i Westminsterpalatset |
[53] | ||
Edvard I (Edward [the] Longshanks) |
17. juni 1239 i Westminsterpalasset son av Henrik III og Eleonora av Provence |
Konge 16. november 1272 etter at Henrik III døydde |
7. juli 1307 i Burgh by Sands |
[54] | ||
Edvard II (Edward II) |
25 april 1284 på slottet Caernarfon Castle i Wales son av Edvard I og Eleonora av Castilla |
Konge 7. juli 1307 etter at Edvard I døydde |
24. januar 1327 avsett av parlamentet |
21. september 1327 drepen av tortur på slottet Berkeley Castle |
[55][56] | |
Edvard III (Edward III) |
13. november 1312 på slottet Windsor Castle son av Edvard II og Isabella av Frankrike |
Konge 25. januar 1327 etter at Edvard II blei avsett |
21. juni 1377 på slottet Sheen Palace |
[57] | ||
Rikard II (Richard II) |
6. januar 1367 i Bordeaux son av Edvard III sin son Edvard og Johanna av Kent |
Konge 21. juni 1377 etter at Edvard III døydde |
30. september 1399 avsett av Henrik Bolingbroke |
14. februar 1400 på slottet Pontefract Castle truleg av svolt |
[58] | |
Namn Norsk · Engelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
Slekta Lancaster
- For meir om dette emnet, sjå Huset Lancaster.
Denne ætta stamma frå Edvard III sin tredje overlevande son Johan av Gent.
Namn Norsk · Engelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
---|---|---|---|---|---|---|
Henrik IV (Henry [of] Bolingbroke) |
3. april 1367 på slottet Bolingbroke Castle son av Johan av Gent og Blanche av Lancaster |
Konge 30. september 1399 ved Rikard II:s avsett |
20. mars 1413 i Westminster Abbey av sjukdom |
[59][60] | ||
Henrik V (Henry V) |
16. september 1386 på slottet Monmouth Castle son av Henrik IV og Mary de Bohun |
Konge 20. mars 1413 etter at Henrik IV døydde |
31. august 1422 på slottet i Vincennes utanfor Paris i Frankrike av dysenteri |
[59][61] | ||
Henrik VI (Henry VI) |
6. desember 1421 på slottet Windsor Castle son av Henrik V og Katarina av Valois |
Konge 31. august 1422 etter at Henrik V døydde |
4. mars 1461 avsett av Edvard IV |
[62] | ||
Namn Norsk · Engelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
Slekta York
- For meir om dette emnet, sjå Huset York.
Slekta York stamma frå den fjerde overlevande sonen til Edvard III, Edmund av Langley, 1. hertug av York. Under rosekrigane (1455–1485) veksla trona mellom dei rivaliserande ættene Lancaster og York.
Namn Norsk · Engelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
---|---|---|---|---|---|---|
Edvard IV (Edward IV) |
28. april 1442 i Rouen son av hertug Rikard av York og Cecily Neville |
Konge 4. mars 1461 etter at Henrik VI blei avsett |
3. oktober 1470 avsett av Henrik VI |
[63] | ||
Namn Norsk · Engelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
Slekta Lancaster (gjeninnsett)
Namn Norsk · Engelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
---|---|---|---|---|---|---|
Henrik VI (Henry VI) |
Konge 30. oktober 1470 etter at Edvard IV blei avsett |
11 april 1471 gjenavsett av Edvard IV |
21. mai 1471 drepen i Tower i London trulege på ordre frå Edvard IV |
[62] | ||
Namn Norsk · Engelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
Slekta York (gjeninnsett)
Namn Norsk · Engelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
---|---|---|---|---|---|---|
Edvard IV (Edward IV) |
Konge 11. april 1471 ved Henrik VI:s avsett |
9. april 1483 på slottet Westminster Palace |
[63] | |||
Edvard V (Edward V) |
2. november 1470 i Westminster son av Edvard IV og Elisabet Woodville |
Konge 9 april 1483 etter at Edvard IV døydde |
25. juni 1483 avsett av Rikard III |
6. juli eller oktober 1483 truleg drepen av Rikard III i Tower of London |
[64] | |
Rikard III (Richard III) |
2. oktober 1452 på slottet Fotheringhay Castle son av hertug Rikard av York og Cecily Neville |
Konge 25. juni 1483 ved avsettinga av Edvard V |
22. august 1485 fall i slaget ved Bosworth Field |
[65] | ||
Namn Norsk · Engelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
Slekta Tudor
- For meir om dette emnet, sjå Huset Tudor.
Slekta Tudor stamma på morssida frå John Beaufort, som var ein av dei uekte sønene til Johan av Gent (Johan var i sin tur den tredje overlevande sonen til Edvard III) med Katherine Swynford. Dei som berre stamma frå engelske monarkar gjennom uekte barn kunne vanlegvis ikkje gjera krav på trona, men situasjonen blei komplisert av at Johan og Katherine gifta seg i 1396 (25 år etter at John Beaufort blei fødd). Etter inngåinga av ekteskapet erklærte kyrkja barna til Johan og Katherine retroaktivt ektefødde gjennom ei paveleg bulle same året, og parlamentet gjorde det same gjennom ein lov i 1397. Sidan anerkjende også den ektefødde sonen til Johan, kong Henrik IV, dei andre barna som ektefødde, sjølv om han også erklærte at dei aldri nokonsinne kunne arba trona. Barna og etterkomarane deira, Beaufortætta, heldt seg nært allierte med dei andre etterkomarane til, Lancasterætta.
John Beaufort sitt barnbarn lady Margaret Beaufort gifta seg med Edmund Tudor. Han var son av den walisiske hoffmannen Owain Tewdr (anglisert til Owen Tudor) og Katarina av Valois, som i sin tur var enke etter den lancastriske kong Henrik V. Edmund Tudor og syskena hans var anten uektefødde eller fødde innanfor eit hemmeleg ekteskap, og var avhengige av godvilja til halvbroren kong Henrik VI. Då Lancaster-ætta tapte makta tok Tudor-ætta over. Sonen til Edmund Tudor blei konge under namnet Henrik VII etter at han hadde sigra over Rikard III i slaget ved Bosworth Field i 1485, som enda rosekrigane.
Gjennom brotet mellom Henrik VIII og den katolske kyrkja blei monarken leiar for den anglikanske kyrkja i England og Irland. Tittelen til Elisabet I blei 'overguvernør for den anglikanske kyrkja' (engelsk Supreme Governor of the Church of England).
Namn Norsk · Engelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
---|---|---|---|---|---|---|
Henrik VII (Henry VII) |
28. januar 1457 på slottet Pembroke Castle son av Edmund Tudor og Margaret Beaufort |
Konge 22. august 1485 etter at Rikard III døydde |
21. april 1509 på slottet Richmond Palace |
[66] | ||
Henrik VIII (Henry VIII) |
28. juni 1491 på slottet Greenwich Palace son av Henrik VII og Elizabeth av York |
Konge 21 april 1509 etter at Henrik VII døydde |
28. januar 1547 på slottet Whitehall Palace |
[67] | ||
Edvard VI (Edward VI) |
12. oktober 1537 på slottet Hampton Court Palace son av Henrik VIII og Jane Seymour |
Konge 28. januar 1547 etter at Henrik VIII døydde |
6. juli 1553 på slottet Greenwich Palace av sjukdom |
[68] | ||
Namn Norsk · Engelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
Omstridd pretendent
Edvard VI utnemnde lady Jane Grey til tronfølgjar. Fire dagar etter at han døydde den 6. juli 1553 blei Jane utropt til regjerande dronning. Ni dagar etter utnemninga, den 19. juli, bytta det kongelege rådet (engelsk Privy Council) side og utropte den katolske halvsystera til Edvard VI, Maria, til dronning i staden. Jane blei avrettae i 1554, 16 år gammal. Få historikarar reknar henne som ein legitim monark.
Namn Norsk · Engelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
---|---|---|---|---|---|---|
Jane Grey Nidagarsdronninga (Lady Jane Grey, the Nine Days Queen) |
Oktober 1537 på slottet i Bradgate Park dotter av hertug Henry Grey av Suffolk og Frances Brandon |
Utropt til regjerande dronning 10. juli 1553 etter at Edvard VI døydde |
19. juli 1553 avsett av kongelege rådet |
12. februar 1554 avretta ved halshogging i Tower of London |
[69] | |
Namn Norsk · Engelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
Namn Norsk · Engelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
---|---|---|---|---|---|---|
Maria I (den blodige) (Mary I / Bloody Mary) |
18. februar 1516 på slottet Greenwich Palace dotter av Henrik VIII og Katarina av Aragon |
Utropt til regjerande dronning 19. juli 1553 etter at Jane Grey blei avsett |
17. november 1558 på slottet St. James's Palace kanskje av ei eggstokkcyste eller livmorskreft |
[68] | ||
Filip (Philip) |
21. mai 1527 i Valladolid i Spania son av den tysk-romerske keisaren Karl V og Isabella av Portugal |
«Konge» 25. juli 1554 | 17. november 1558 etter at Maria I døydde |
13. september 1598 i Escorial i Spania |
[70] | |
Namn Norsk · Engelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
Ifølgje vilkåra for ekteskapet mellom Filip I av Napoli (Filip II av Spania frå og med 15. januar 1556) og dronning Maria I, skulle Maria sine titlar og privilegium tilfalla Filip så lenge ekteskapet varte. Alle offisielle dokument, medrekna lovar stifta av parlamentet, skulle underskrivast med namna til begge og parlamentet skulle samankallast under autoriteten til paret saman. Ein parlamentslov gav han tittelen konge og sa at han "shall aid her Highness ... in the happy administration of her Grace’s realms and dominions")[71] (sjølv om loven andre stader oppgav at Maria skulle vera dronning åleine). Uansett skulle Filip regjera saman med kona si.[72] Ettersom den nye kongen av England ikkje kunne lesa engelsk, blei det gjeve ordre om at alle statsaffærer skulle omtalast på latin eller spansk.[72][73][74] Myntar blei prega med ansikta til både Maria og Filip og det engelske riksvåpenet sett saman med våpenet til Filip for å visa til samregjeringa deira.[75][76] Lovar som gjorde det til høgforræderi å fornekta den kongelege autoriteten til Filip blei innførte i England[77] og Irland.[78] I 1555 gav pave Paulus IV ut ein bulle der Filip og Maria blei erkjende som rettmessig konge og dronning av Irland.
Namn Norsk · Engelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
---|---|---|---|---|---|---|
Elisabet I Jomfrudronninga (Elizabeth I, the Virgin Queen) |
7. september 1533 på slottet Greenwich Palace dotter av Henrik VIII og Anne Boleyn |
Regjerande dronning 17. november 1558 etter at Maria I døydde |
24. mars 1603 på slottet Richmond Palace |
[68] | ||
Namn Norsk · Engelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
Slekta Stuart
- For meir om dette emnet, sjå Huset Stuart.
Etter at Elisabet I døydde utan arvingar i 1603 blei ho etterfølgd av den skotske kongen Jakob VI, som blei Jakob I gjennom kroneunionen. Jakob stamma frå Tudor-ætta gjennom oldemora Margaret Tudor, som var eldste dotter av Henrik VII. I 1604 tok han tittelen konge av Storbritannia, men dei to parlamenta (det engelske og det skotske) blei verande separate.
Namn Norsk · Engelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
---|---|---|---|---|---|---|
Jakob I Fredsmakarkongen (James I, the Peacemaker King) |
19. juni 1566 på slottet Edinburgh Castle son av Henry og Maria Stuart |
Konge 24. mars 1603 etter at Elisabet I døydde |
27. mars 1625 på slottet Theobalds House |
[79] | ||
Karl I (Charles I) |
19. november 1600 på slottet Dunfermline Palace son av Jakob I og Anne av Danmark |
Konge 27. mars 1625 etter at Jakob I døydde |
30. januar 1649 avretta ved halshogging på slottet Whitehall Palace |
[80] | ||
Namn Norsk · Engelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
Samveldet
- For meir om dette emnet, sjå Det engelske samveldet.
Det var ingen regjerande monark mellom avrettinga av Karl I i 1649 og gjeninnsetjinga av kong Karl II i 1660. I staden hadde følgjande personar makta under tittelen lordprotektor frå 1653, under perioden kalla protektoratet.
Namn Norsk · Engelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
---|---|---|---|---|---|---|
Oliver Cromwell (Oliver Cromwell, Old Ironsides) |
25. april 1599 i Huntingdon son av sir Robert Cromwell og Elizabeth Steward |
Lordprotektor 16. desember 1653 | 3. september 1658 i Whitehall |
[81][82] | ||
Richard Cromwell (Richard Cromwell, Tumbledown Dick) |
4. oktober 1626 i Huntingdon son av Oliver Cromwell og Elizabeth Bourchie |
Lordprotektor 3. september 1658 etter at Oliver Cromwell døydde |
25. mai 1659 abdiserte etter press frå parlamentet |
12. juli 1712 i Cheshunt |
[83][84] | |
Namn Norsk · Engelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
Slekta Stuart (gjeninnsett)
Etter at monarkiet blei gjeninnsett i 1660 hadde Karl II ei relativt fredeleg regjeringstid, men det var framleis gnissingar mellom protestantar og katolikkar. Då den katolske broren til Karl, Jakob II, kom til makta, braut det ut eit opprør som kulminerte med den ærerike revolusjonen i 1688, då parlamentet tok retten til å godkjenna monarken.
Namn Norsk · Engelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
---|---|---|---|---|---|---|
Karl II (Charles II, the Merrie Monarch) |
29. mai 1630 på slottet St. James's Palace son av Karl I og Henrietta Maria av Frankrike |
Anerkjend som konge av rojalistar 30. januar 1649 ved avrettinga av Karl I Konge 29. mai 1660 ved den engelske restaurasjonen |
6. februar 1685 på slottet Whitehall Palace |
[85][86] | ||
Jakob II (James II) |
14. oktober 1633 på slottet St. James's Palace son av Karl I og Henrietta Maria av Frankrike |
Konge 6. februar 1685 etter at Karl II døydde |
23. desember 1688 avsett under den ærerike revolusjonen |
16. september 1701 på slottet i Saint-Germain-en-Laye |
[87] | |
Maria II (Mary II) |
30. april 1662 på slottet St. James's Palace dotter av Jakob II og Anne Hyde |
Regjerande dronning og samregent med ektemaken Vilhelm III 13. februar 1689 etter avsettinga av Jakob II |
28. desember 1694 på slottet Kensington Palace |
[87] | ||
Vilhelm III Vilhelm av Oranien (William III / William of Orange) |
4. november 1650 i Haag i Nederlanda son av statthaldaren Vilhelm II av Oranien og prinsesse Maria av Oranien |
Konge og samregent med ektemaken Maria II 13. februar 1689 etter avsettinga av Jakob II |
8. mars 1702 på slottet Kensington Palace |
[88][89] | ||
Anna (Anne) |
6. februar 1665 på slottet St. James's Palace dotter av Jakob II og Anne Hyde |
Regjerande dronning 8. mars 1702 etter at Vilhelm III døydde |
1. mai 1707 då ho i staden offisielt blei regjerande dronning av Storbritannia |
1. august 1714 på slottet Kensington Palace |
[90][91] | |
Namn Norsk · Engelsk |
Bilde | Fødd | Tiltredde | Fråtredde | Død | Kjelder |
Unionslovane
Unionslovane var eit par lovar vedtekne av det engelske og det skotske parlamentet som sameinte Kongeriket England og Kongeriket Skottland, to tidlegare suverene statar, til eit land med namnet Kongeriket Storbritannia.[92]
Dei to landa hadde hatt same regent i rundt 100 år (sidan sameiningar av kronene i 1603, då kong Jakob VI av Skottland arva den engelske trona frå Elisabet I). Fram til 1707 var det likevel snakk om to separate kroner på same hovud. Ein hadde gjort tre forsøk, i 1606, 1667 og 1689, på å sameina dei to landa gjennom lovar, men det var ikkje før tidleg på 1700-talet at tanken hadde støtte i begge parlamenta.
Titlar
Standardtittelen for alle monarkar frå Alfred den store på slutten av 800-talet til kong Johan i byrjinga av 1200-talet var Rex Anglorum ('konge av engelskmennene', engelsk King of the English). I tillegg tok mange av dei førnormanniske angelsaksiske kongane andre titlar:
- Alfred den store: Rex Angulsaxonum ('konge av angelsaksarane', engelsk King of the Anglosaxons) og Rex Anglorum et Saxonum ('konge av anglarane og saksarane', engelsk King of the Angles and Saxons)
- Æthelstan den ærerike: Rex Anglorum per omnipatrantis dexteram totius Bryttaniæ regni solio sublimatus
- Edmund den strålande: Rex Britanniae og Rex Anglorum caeterarumque gentium gobernator et rector
- Edred: Regis qui regimina regnorum Angulsaxna, Norþhymbra, Paganorum, Brettonumque
- Edwy den rettvise: Rex nutu Dei Angulsæxna et Northanhumbrorum imperator paganorum gubernator Breotonumque propugnator
- Edgar den fredelege: Totius Albionis finitimorumque regum basileus
- Knut den store: Rex Anglorum totiusque Brittannice orbis gubernator et rector og Brytannie totius Anglorum monarchus
Under normannartida blei Rex Anglorum verande standard, men tidvis nytta ein også Rex Anglie (Konge av England, engelsk King of England). Keisarinne Matilda kalla seg Domina Anglorum ('frue av engelskmennene', engelsk Lady of the English).
Frå kong Johans tid og seinare blei alle eldre titlar avskaffa til fordel for Rex Anglie, eller Regina Anglie ('dronning av England', engelsk Queen of England) for kvinner.
I 1604 tok Jakob I, som hadde arva den engelske trona året før, tittelen (no vanlegvis skriven på engelsk heller ennn latin) 'Konge av Storbritannia' (engelske King of Great Britain). Det engelske og skotske parlamentet anerkjende likevel ikkje denne tittelen før Unionslovane frå 1707 under dronning Anna.[93]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.