From Wikipedia, the free encyclopedia
Kolomenskoje er ein tidlegare kongeleg sommarstad i den søraustre utkanten av Moskva som er omgjort til friluftsmuseum. Kolomenskoje ligg i eit stort parkområde langs gamlevegen til Kolomna, og har derfor fått dette namnet. Den eldste verna bygningen er Kristi himmelfartskyrkja frå 1532. På 1600-talet fekk tsar Aleksej I oppført eit stort sommarpalass der, som har vorte rekonstruert i moderne tid. Etter at eigedomen blei omgjort til museum, har gamle trebygningar frå ulike delar av Russland blitt flytta dit.
Kolomenskoje | |||
busetnad | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Kolomenskoje 55.66767°N 37.66657°E | |||
Wikimedia Commons: Kolomenskoe | |||
Kristi himmelfartskyrkja er bygd i kvit stein og stod ferdig i Kolomenskoje i 1532. Kyrkja blei oppført av Vasilij III til ære for den nyfødde sonen sin, Ivan IV av Russland, seinare kjend som Ivan den grufulle. Kyrkja markerte eit klårt brot med den bysantinske arkitekturen, og er ei av dei første kyrkjene i Russland som vart bygd med telttak. I 1994 blei kyrkja innført på UNESCO si verdsarvliste.
På midten av 1600-talet fekk tsar Aleksej I alle dei tidlegare trebygningane i området rivne, og erstatta dei med eit fantastisk sommarpalass i tre, omtalt som «det åttande underverket i verda». Sonen til Aleksej, Peter den store, var mykje av barndomstida si i palasset, og den framtidige keisarinna Elisabeth Petrovna blei fødd der i 1709.
Etter at St. Petersburg blei ny hovudstad i Russland i 1712 (etter Moskva), forfall Kolomenskojepalasset så mykje at Katarina II nekta å gjera det til sitt sommarpalass. I staden var ho i 1768 ordre om at det skulle rivast, og erstattast med eit enklare palass i stein og murstein. Ein tremodell av palasset overlevde likevel, og ein rekonstruksjon i full skala stod ferdig i september 2010.
I 1923 blei området gjort om til museum på initiativ frå bygningsantikvaren Pjotr Baranaovskij. I åra som følgde blei trebygningar frå ulike delar av Russland flytta til museet for bevaring.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.