Kiritimati
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kiritimati | |||
øy | |||
Land | Kiribati | ||
---|---|---|---|
Areal | 388,39 km² | ||
Folketal | 6 447 (2015)[1] | ||
Kiritimati 1.85°N 157.4°W | |||
Wikimedia Commons: Kiritimati | |||
Kiritimati (IPA: [kəˈrɪsməs], òg kalla Christmas Island, «Juleøya») er ei øy i Polynesia som tilhøyrer staten Kiribati i Stillehavet. Øygruppa hennar er Linjeøyane. Kiritimati ligg rundt 3 250 km nordvest for hovudøya i Kiribait, Tarawa, og 2 150 km sør for Hawaii. Namnet Kiritimati er Christmas uttalt på det lokale språket kiribatisk.
Kiritimati er den største korallatollen i verda,[2] og den største øya på Kiribati, med eit landareal på 322 km². Øya er 44 km lang og 39 km brei. Det høgaste punktet er Joe's Hill på 12 meter over havet.
Det bur rundt 5 100 innbyggjarar på Kiritimati, fordelt på fire byar: Hovudbyen London, Banana, Poland og Tabwakea. Ved Banana ligg lufthamna til Kiritimati, Cassidy International Airport (IATA-flyplasskode: CXI).
Øya blei oppdaga av kaptein James Cook på julaftan 24. desember 1777,[2] og fekk dermed det opphavlege engelske namnet Christmas Island.
USA gjorde krav på øya i 1856. Ho blei likevel annektert av Storbritannia i 1889, og blei ein del av kolonien Gilbert- og Elliceøyane i 1919. I 1979 blei Kiritimati innlemma i den nyoppretta staten Kiribati.
Den 15. mai 1957 utførte Storbritannia si første prøvesprenging av ei hydrogenbombe lengst søraust på øya, etter at alle innbyggjarane var blitt evakuerte.[2] Både Storbritannia og USA gjennomførte seinare fleire prøvesprenginger på eller nær øya.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.