Atoll
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein atoll er eit rundt, lågt korallrev som normalt omkransar ein lagune og dannar ei øy. Det kan danna ein heil ring eller ha form som ein hestesko.[1]


Denne typen øyar reiser seg opp frå havbotnen, ofte frå djupner på fleire tusen meter. Dei er særleg vanlege i vest og i midten av Stillehavet,[1] til dømes i Cookøyane, Bikiniøyane og Banaba.
Den største atollen i verda er Kiritimati på 388 km².[2]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.