Renminbi er valutaen i Kina. Valutakoden for renminbi er CNY.
Sjølve grunneininga av renminbi er yuan, som vert delt opp i 10 jiao. Dette blir så delt opp i 100 fen. Den største eininga er 100 yuan og den minste er 1 fen.
Renminbi vart sett i omlaup like før den kommunistiske overtakinga i 1949. Ein av de første oppgåvene til det nye styret var å få slutt på hyperinflasjonen som hadde plaga Kina sidan slutten av Kuomintangperioden.
Under åra med planøkonomi vart vekslingskursen på renminbi sett til eit urealistisk høgt nivå i høve til vestlege land sine valuta, og strenge vekslingslover vart sett i verk. Renminbi blir av mange framleis rekna som sterkt overkursa den dag i dag. Hovudgrunnen til dette er at det ikkje er ein fri marknad som fastsett kursen. Kursen kan i dag variere innanfor eit smalt band vekta mot ei korg andre valutaer. Dersom ein ser på kjøpekrafta til dei ulike valutaene - såkalla Purchasing Power Parity (PPP) vil mange kome til eit motsett standpunkt. Ein av dei mest særeigne måtane å måle PPP er gjennom den såkalla «Big Mac-indeksen» som måler prisen på ein hamburger i ulike land. Denne indeksen viser at Renminbi er kraftig underkursa samanlikna med amerikanske dollar.
Bakgrunnsstoff
- Yuan Renminbi - Historiske og noverande setlar frå Kina (CNY / RMB) 1953-2019 (engelsk/tysk/fransk)
- Yuan FEC - Valutasertifikat (FEC) frå Folkerepublikken Kina 1980-1994 (engelsk/tysk/fransk)
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.