Planøkonomi
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Planøkonomi er eit økonomisk system der staten fastset kva som skal produserast av varer og tenester, i kva mengd, og korleis desse skal distribuerast mellom innbyggjarane. Staten fastset dei vanlegvis statseigde bedriftene sine produksjonsmål, og tildeler kvotar av råmateriale.
Dei fleste land som har praktisert planøkonomi skapte også insentivsystem der oppnåing av produksjonsmåla blei løna med auka rasjonar og/eller heider (for eksempel gjennom utpeiking av «modellarbeidarar»).
Planøkonomi som system blir no forbunde med tradisjonelle kommunistland som Cuba og Nord-Korea, og dei tidlegare austblokklanda før dei politiske omveltningane i 1989/1991. Men også i fleire vestlege land har ein stor grad av planøkonomi blitt nytta i periodar, til dømes under andre verdskrigen på grunn av vareknappheit.
Land som nyttar seg av planøkonomi, lagar ofte planar for tre til fem år fram i tid. Denne tradisjonen går tilbake til den første sovjetiske femårsplanen 1928-1932.
Planøkonomi er det motsette av marknadsøkonomi. Ingen land fører i praksis ein økonomisk politikk der ein av desse modellane blir følgde i rein form. Men blandinga av element frå dei to økonomiske modellane har vanlegvis ei hovudvekt på ein av delane. I Skandinavia er det relativ likevekt mellom element frå dei to modellane, og dette blir kalla blandingsøkonomi.
Todelinga planøkonomi/marknadsøkonomi kan oppfattast som reine teoretiske idealtypar som ein kan bruke for å samanlikne økonomiske system og teoriar.
Planøkonomien i kommuniststyrte diktaturland blir elles ofte kalla kommandoøkonomi.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.