From Wikipedia, the free encyclopedia
Khartoum (arabisk الخرطوم, romanisert al-Kharṭūm som tyder «elefantsnabel») er hovudstad i Sudan.[2] Byen ligg ved møtestaden for Kvite-Nilen (som kjem frå Uganda), og Blå-Nilen (som kjem frå Etiopia), i det som poetisk vert kalla historias lengste kyss, Al mogran. Byen har eit folketal på om lag 2 millionar, og dannar saman med Omdurman eit storbyområde med om lag 4 millionar innbyggjarar. Dette området er delt av elvane i 3 delar: Khartoum, som er den tidlegare britiske delen, Omdurman, den sudanske hovudstaden som var Mahdien og Ansarrørsla sin hovudstad og skanse i striden med britane, og Khartoum North, som i dag er den bydelen som har utvikla seg i dei seinare åra og har vakse fram som nytt bu- og industriområde.
Byen vart grunnlagd i 1821, som ein utpost for den egyptiske hæren nord for oldtisbyen Soba. Medan Egypt var under britisk styre blei garnisonbyen teken av Mahdi-styrkar etter omleiringa av Khartoum i 1884. Han blei teken tilbake av britiske styrkar i 1898 og var administrasjonssenter for det anglo-egyptiske styret av Sudan fram til 1956,[2] då byen blei hovudstad for eit sjølvstendig Sudan.
I byen ligg Khartoum universitet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.