From Wikipedia, the free encyclopedia
Kabardinsk, tidvis også kalla austtsjerkessiskk og austcircassisk, er eit nordvestkaukasisk språk som hovudsakleg blir tala i regionen Kabardino-Balkaria. Her bru rundt 520 000 av dei totalt 1 632 500 talarane.[1] Dei fleste talarane utanfor Kabardinia-Balkaria bur i Tyrkia.[2]
Det finst fleire ulike variantar av språket, der dei to største er kabardinsk og beslenejsk. Det har berre to fonetiske vokalar, men kring 46 konsonantar,[3] der kring 23 er frikativar.[2]
Kabardinsk er nært i slekt med adygisk, som også blir kalla vesttsjerkessisk. Sjølv om dei skil seg leksikalt, morfologisk og syntaktisk, er dei gjensidig forståelege.
Ein har skrive språket har med fleire ulike skriftsystem. I 1825 blei det utvikla ein variant av det arabiske alfabetet, og i 1829 kom eit skriftsystem basert på det kyrilliske alfabetet. På 1800-talet kom også dei første bøkene ut på kabardinsk. Etter den russiske revolusjonen blei det brukt både eit arabisk og eit kyrilliskbasert alfabet. I 1923 blei det også innført ei skrift som bygde på det latinske alfabetet, men dette blei erstatta av kyrilliske bokstavar i 1936. Dei adygiske og kabardinske skriftsystema er svært ulike, noko som har minka den gjensidige forståinga.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.