KEiiNO

norsk-samisk musikkgruppe From Wikipedia, the free encyclopedia

KEiiNO

KEiiNO (uttalt [kæɪˈnoː], tilsvarande sisteleddet av Kautokeino) er ei norsk musikkgruppe som består av den samiske låtskrivaren, rapparen og joikaren Fred Buljo, songaren Alexandra Rotan og songar-låtskrivaren Tom Hugo.[1] KEiiNO er eit norsk-samisk samarbeidsprosjekt og vart danna i august 2018, i samband med deltakinga i Melodi Grand Prix 2019.[2][3] Ingen av dei tre bandmedlemmane kjende kvarandre på førehand. KEiiNO vann den norske finalen 2. mars 2019 med songen «Spirit in the Sky» og representerte Noreg i Eurovision Song Contest i Tel Aviv i mai 2019.[4] Etter å ha blitt nedjustert frå femteplass hamna gruppa på sjetteplass i finalen etter å ha vunne telefonavrøystinga.[5][6] Låten toppa VG-lista, og dei vart nominert til ein spellemannpris i klassa årets låt. KEiiNO vann òg to prisar under Sami Music Awards i open klasse og for årets produsent. Etter Eurovision Song Contest har gruppa gjeve ut fleire singlar og eit album med urfolkmusikk frå heile verda. I 2021 deltok gruppa i Melodi Grand Prix på ny og hamna på andreplass med låten «Monument».[7]

Kjappe fakta Aktiv, Sjanger ...
KEiiNO
Thumb
Aktiv2018
Sjangerpop, Joik, elektronisk musikk, dansemusikk
PlateselskapUniversal Music Group
Lukk

Bakgrunn

KEiiNO vart etablert seinsommaren 2018 då Tom Hugo Hermansen og ektemannen Alex Olsson byrja å skrive «Spirit in the Sky», ein låt inspirert av historiske kampar for likeverd.[2][8] Med på laget fekk dei den samiske rapperen og låtskriveren Fred Buljo og songaren Alexandra Rotan. Bandnamnet KEiiNO er inspirert av sisteleddet i heimstaden til Buljo Kautokeino (nordsamisk: Guovdageaidnu). Sisteleddet «geaidnu» er nordsamisk for veg. «Det representerer den vegen som har ført oss tre saman», sa Buljo i eit intervju med TV 2.[1] For låten vart trioen nominert til Spellemannprisen 2019 i klassa årets låt.[9]

2019: Melodi Grand Prix og Eurovision Song Contest

Thumb
KEiiNO på scena i Tel Aviv under Eurovision Song Contest 2019.

Gruppa var ein av ti deltakarar til norske Melodi Grand Prix laurdag 2. mars 2019. Til slutt gjekk gruppa til topps med «Spirit in the Sky» med over 231 000 stemmar – nesten 70 000 stemmar føre andreplassen Adrian Jørgensen med «The Bubble».[10]

Vinnarsongen har element av pop, elektronika, dance og joik. Den er komponert av gruppa, saman med låtskrivarane Alex Olsson og Rüdiger Schramm, og den finske produsenten Henrik Tala.[11]

Gjennom sigeren i Melodi Grand Prix fekk KEiiNO representere Noreg i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.[5] I januar 2019 vart Noreg trekt til å delta i semifinale 2 av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og Noreg hadde startnummer 15.[12] KEiiNO hamna på sjuandeplass i semifinalen og kvalifiserte dimed seg til finalen laurdag 18. mai.[13] I finalen hadde Noreg startnummer 15 og vart nummer seks etter å ha fått flest publikumsrøystar. Gruppa vann òg telefonavrøystinga i semifinalen.[14][15] Dette var andre gong Noreg vann ei telefonvrøysting i Eurovision Song Contest, fyrste gongen var med Alexander Rybak og «Fairytale» i 2009.

Veka etter den internasjonale finalen gjekk «Spirit in the Sky» til topps på VG-lista, og samt hitlister i fleire europeiske land. Dette var fyrste norske Melodi Grand Prix-vinnar som nådde fyrsteplassen av den norske singellista sidan Stella Mwangi og «Haba Haba» i 2011.[16]

2019–2020: Nye singel og debutalbum

Etter Eurovision Song Contest 2019 gav KEiiNO ut fleire versjonar av «Spirit in the Sky»: ein utvida klubbmiks, ein akustisk versjon og instrumentalversjon.

26. april 2019 gav gruppa ut sin andre singel, «Shallow».[17] Songen er ein dance- og joik-inspirert coverversjon av Lady Gaga og Bradley Cooper sin låt med same namn frå filmen A Star Is Born. 21. juni 2019 slapp gruppa sin tredje singel, «Praying», som handlar om dødsangst. 31. januar gav dei ut singelen «Colours».[18][19][20]

Etter Eurovision Song Contest kunngjorde gruppa at dei planla eit konseptalbum med urfolkspråk frå heile verda.[21] Albumet fekk namnet OKTA (nordsamisk for éin) og vart utgjeven 8. mai 2020.[22]

2021: Ny deltaking i Melodi Grand Prix

Etter å ha gjeve ut fleire singlar og albumet OKTA, sette «Spirit in the Sky»-låtskrivarane seg ned og skrev låten «Monument» sommaren 2020.[23] Hausten 2020 vart «Monument» plukka ut av NRK til å deltake i finalen i Melodi Grand Prix 2021. KEiiNO vart presenterte som deltakarar 11. januar, og «Monument» vart sloppen tre dagar seinare.[24] Gruppa framførte låten fyrste gong live under den fyrste delfinalen laurdag 16. januar 2021.[25] Ifølgje Tom Hugo Hermansen er «Monument» skriven med tanke på å kunne slå an hos både sjåarar og juryar i ein eventuell Eurovision-finale.[26]

I finalen i Melodi Grand Prix hamna den på andreplass, bak TIX og «Fallen Angel».[27]

«Monument» er produsert av Hermansen og Rüdiger Schramm i Berlin og Kristiansand. For å gje låten eit «monumentalt lydbilde», omfattar innspelinga eit live band, ei rekkje lydsampler og dessutan strykarar frå musikarar i Kristiansand Symfoniorkester.[23] I januar 2021 gjekk låten inn på VG-lista, som den fyrste KEiiNO-singelen sidan «Spirit in the Sky».[28][29]

Prisar og utnemningar

I juni 2019 utnemnde Sametinget gruppa til ambassadørar for SNs år for urfolkspråk.[30] Gruppa vart nominert til ein spellemannpris under Spellemannprisen 2019 i klassa «årets låt». Dei vann òg to prisar under Sami Music Awards i open klasse og årets produsent.[31][32]

Diskografi

Album

Meir informasjon Tittel, Detaljar ...
Tittel Detaljar
OKTA
  • Utgjeve: 8. mai 2020[33][34]
  • Format: Digital nedlastning, strømming
  • Merke: Hugoworld AS
Lukk

Singlar

Oversyn over singlar utgjeve av KEiiNO.[35]

Meir informasjon Tittel, År ...
Tittel År Høgaste plassering Sertifiseringar Album
BEL(FL)Tip
Ultratop
IRL
NED
NOR
[36]
SKO
STO
SVE
SVI
[37]
«Spirit in the Sky» 2019 28 84 55 1 7 61 33 7 1 x platina OKTA
«Shallow» Ikkje frå album
«Praying» OKTA
«Vill ha dig» Ikkje frå album
«Take Me Home» OKTA
«Dancing in the Smoke»
«Colours» 2020
«Black Leather» (med Charlotte Qamaniq)
«Would I Lie» (med Electric Fields)
«I Wanna Dance with Somebody (Who Loves Me)» Ikkje frå album
«Transarctic Lover» (med Sordal)
«A Winter's Night»
«Monument» 2021 8
«Unbreakable»
«Drivers License»
«Summer of My Life»
«Spirit in the Sky» (Kautobahn remiks)
«Millom bakkar og berg (Nordmannen)» med Kautobahn
«Addjas»[38]
«End of Time (Taste of Heaven)»[39]
«Venus»
«—» markerer at innspelinga ikkje nådde lista.
Lukk

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.