Julie Bergan

norsk songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Julie Bergan

Julie Bergan (fødd 12. april 1994) er ein norsk songar og låtskriver. Ho er kjend for låten «Arigato». Fleire kjenner ho òg gjennom venskapen med norske Astrid S.[1]

Kjappe fakta
Julie Bergan
Thumb
StatsborgarskapNoreg
Fødd12. april 1994 (31 år)
Skien kommune
Yrkesongar, låtskrivar, songar-låtskrivar
Sjangerpop, rhythm and blues, elektronisk musikk, Hiphop, danse-pop, dansemusikk
Julie Bergan på Commons
Lukk

Karriere

Oppstart

Julie Bergan starta si karriere i 2012 med låten «Supernova», som ho spelte inn saman med norske Cir.Cuz. Låten låg på norske topplister i totalt 16 veker i 2012 og 2013, og oppnådde femteplass som beste plassering.[2][3] Ho deltok deretter i Melodi Grand Prix 2013 med låten «Give A Little Something Back», som ho skreiv saman med Ben Adams og Sara Skjoldnes. Ho gjekk ikkje vidare frå semifinalen i Steinkjer det året.[4]

I september 2013 inngjekk ho kontrakt med Warner Music Norway, og mot slutten av same år gav ho ut «Undressed» saman med Idol-deltakaren Astrid S.[2]

Thumb
Julie Bergan under by:Larm 2017

2014-2018

Frå perioden 2014–2016 gav ho ut fleire singlar og hadde fleire konsertar. Ho var òg på fleire turnear, blant anna på VG-lista-turneen 2016.[5] Fleire av låtene selde til både gull og platinum i Noreg, men det var ikkje før singelen «Arigato» vart gjeven ut våren 2016 at ho vart kjend utanlands.[treng kjelde] Låten toppa norske lister, og låg på VG-lista i 20 veker.[6][6][7] Den kom òg på femteplass på den offisielle svensken hitlista. Ho hadde skrive «Arigato» saman med blant anna norske Kid Joki, og låten vart nominert til fleire prisar, blant anna til årets lét under Spellemannprisen 2016.

Sjølv om songaren sjølv utgjev popmusikk, var ho òg med på NRK P3 sitt remix-prosjekt våren 2016.[8] Remixen av «Attitudeproblem» av Karpe Diem vart laga saman med fleire andre kvinnelege artistar, og set kjønnsrollene i musikken på spissen.[9]

For musikkåret 2017 vart ho blant anna booka til bransjefestivalen by:Larm, og dessutan til ei rekkje andre norske festivalar.[10][11][12]

I 2018 bidrog ho saman med Alan Walker og Senguri på K-391-låten «Ignite». For låten vart dei nominerte til Spellemannprisen 2018 i klassa årets låt, ei utdeling ho sjølv leidde saman med Tarjei Strøm.[13]

Diskografi

Solo

Meir informasjon År, Tittel ...
År Tittel Listeplassering Album
NOR[14] SWE[15]
2013 «Give a Little Something Back» N/A
2014 «Younger»
«Fire»
«Rude»
2015 «All Hours» 6
2016 «I Kinda Like It» 35
«Arigato» 1 5 Turn On The Lights
2017 «Blackout» 17
«Blackout (acoustic)» N/A
«If You Love Me»(featuring Tunji Ige) Turn On The Lights
«Incapable» 19
2018 «Guilt Trip» 18
«U Got Me» 20 N/A
2019 «STFU» 20
«Outlaw»
«Crazy Enough» 35
«Bored»
2020 «Kis sin Somebody»(featuring Seeb) 12
«Commando»
«One Touch» 39
Lukk

Featuring

Meir informasjon År, Tittel ...
År Tittel Listeplassering Album
NOR[14]
2012 «Suparnova»(Cir. Cuz featuring Julie Bergan) 5 Vi Er Cir.Cuz
2017 «Can't Help Myself»(Clairmont featuring Mugisho & Julie Bergan) - N/A
2018 «Ignite»(K391 featuring Alan Walker, Julie Bergan & SEUNGRI) 1
2019 «Don't Give Up On Me Now»(R3HAB featuring Julie Bergan) 30
2020 «My Bad»(Shaun & Advanced featuring Julie Bergan)
«Outline»(Crazy Cousinz featuring Julie Bergan)
«Don't You Wanna Play?»(Seeb featuring Julie Bergan)
Lukk

Cover

  • Undressed - cover med Astrid S (2013)

Utmerkingar

Meir informasjon år, organisasjon ...
år organisasjon pris arbeid resultat
2016 MTV-Music Awards Beste norske artist Julie Bergan Nominert
P3 Gull Årets lét «Arigato» Nominert
Årets nykommer Julie Bergan Nominert
2017 Spellemannprisen 2016 Årets lét «Arigato» Nominert
Musikkforleggerprisen 2016 Årets Gjennombrot «Arigato» Vann
2019 Spellemannprisen 2018 Årets lét «Ignite» (med K-391, Alan Walker, og Senguri) Nominert
2020 P3 Gull[16] Årets lét «Kis sin somebody» (med Seeb) Nominert
2021 Spellemannprisen 2020[17] Årets lét «Kis sin somebody» (med Seeb) Nominert
Lukk

[18][19][20][21][22]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.