norsk vokalist og songskrivar From Wikipedia, the free encyclopedia
Astrid Smeplass (fødd 29. oktober 1996), betre kjend under artistnamnet Astrid S (ofte styla som Astrid_S), er ein norsk musikar og låtskrivar frå Berkåk i Trøndelag fylke.[1][2] Ho kom på femteplass i Idol i 2013. Ho har utgjeve låt som «Shattered» (i samband med deltakinga i Idol), «2AM», «Such a Boy», «Think Before I Talk», «Emotion», og samarbeidd med Shawn Mendes på debutalbumet hans Handwritten, som toppa den amerikanske Billboard-lista i 2015.
Astrid S | |||
| |||
Fødd | 29. oktober 1996 (27 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Berkåk | ||
Fødenamn | Astrid Smeplass | ||
Alias | Astrid, Astrid S | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 2013– | ||
Sjanger | rhythm and blues, pop, elektropop, Tropical house | ||
Instrument | gitar, piano, fløyte, vokal | ||
Plateselskap | Universal Music Group | ||
Verka som | plateartist, låtskrivar, songar, songar-låtskrivar, skodespelar | ||
Sambuar med | Per Christian Wessel | ||
Prisar | Årets spellemann, Årets trønder, P3 Gull for årets nykommer, P3 Gull for årets låt |
Astrid Smeplass byrja med musikk i ung alder og var berre seks år då ho byrja med pianotimar. Som sjuåring byrja ho i Rennebu Skulekorps, der ho spelte fløyte. Seinare tok ho songtimar. Ho er sjølvlærd på gitar. Ho har delteke i UKM og gjekk på fotballinja ved Orkdal vidaregåande skule i Orkdal kommune. Astrid var òg «bestevennen» i Celine Helgemos låt «Bæstevænna» som vann Melodi Grand Prix junior i 2007, og ho medverka i låten «Suveren» frå Celine sitt album Bæstevænna. I 2008 vann ho Drømmestipendiet frå Norsk Tipping for sin versjon av «All By Myself».
I 2013 deltok ho i den norske versjonen av songprogrammet Idol, der ho enda på ein femteplass. Ho opptredde òg under Idol gir tilbake, der ho framførte «Bright Eyes» av Art Garfunkel saman med Kura Nilsen. «Shattered», som vart skrive av ho sjølv, Lars K. Hushoft og Melanie Fontana, selde til gull i Noreg. Den låg på VG-lista i åtte veker med fjerdeplass som beste plassering.[3] Same år signerte ho med Sony/ATV som låtskriver og ein global platekontrakt med plateselskapet Universal Music.[4]
I 2013 vart ho nominert til «Årets nykommer» og «Årets artist» under NRJ-Awards. I 2014 vart ho nominert til «Årets mest lovende artist» i Adresseavisa si UtAwards. Sommaren 2014 deltok ho òg på Allsang på Grensen med «Flytta på dej» og «Jolene». I 2015 song ho med Shawn Mendes på låten «Air» på debutalbumet hans Handwritten. Ho vann to prisar under P3 Gull i 2015: årets nykommer og årets låt for «2 AM».[5] Under Spellemannprisen 2016 vart ho kåra til årets nykommer med Gramostipend for Astrid S 2016 og var i tillegg nominert i klassa årets låt for «Hurts So Good». Ho vart kåra til årets spellemann under Spellemannprisen 2017.[6] I tillegg var ho nominert i klassa årets låt for «Think Before I Talk».[7]
I 2017 song Astrid backing vokal på Katy Perry-låten «Hey Hey Hey» frå albumet Witness.[8] Under P3 Gull 2017 song ho cover av Cezinandos «Vi er perfekt men verden er ikke det» på taket av Skur 13, og hennar cover vart meir populær enn originallåta.[9]
30. juni 2017 gav Astrid S ut sin andre EP, «Party's Over», som mellom anna inneheldt singelen «Breathe» og «Such a Boy». To veker etterpå kom ein akustisk versjon av EP-en med bonussporet «Mexico».
I september 2017 gjekk singelen «Think Before I Talk» til topp på VG-lista Topp 20,[10]
I 2018 hadde ho mindre turneaktivitet, men 12. oktober gav ho ut singelen «Emotion», som ho seinare opptredde med på avslutninga av P3 Gull 2018 på NRK.[11] For songen vart ho nominert til Spellemannprisen 2018 i klassa årets låt.[12] Same år var ho gjestedommer på Idol. 4. desember gav ho ut singelen «Closer».[13][14] Ho fekk òg hjelp av over 5000 fans til å laga ein låt, som til slutt vart til låten «Relevant» Ho vart nominert i klassa årets artist ved P3 Gull 2020.[15][16] Smestad vart årets trøndar i 2019.[17]
Sang | År | Listeplassering | Album |
---|---|---|---|
NOR[19][20] | |||
«Shattered» | 2013 | 4 | N/A |
«2AM» | 2014 | — | |
«2AM (Matoma Remix)» | 2015 | 13 | |
«Hyde» | 8 | ||
«Paper Thin (Live From Studio)» | 20 | ||
«Paper Thin» | 2016 | — | Astrid S |
«Hurts So Good» | 6 | ||
«Atic» | — | ||
«Breathe» | 2017 | 3 | Party's Over |
«Bloodstream» | — | ||
«Party's Over» | — | ||
«Such A Boy» | 2 | ||
«Vi er perfekt men verden er ikke det» | 23 | N/A | |
«Think Before I Talk» | 1 | ||
«Emotion» | 2018 | 3 | Trust Issues |
«Closer» | — | N/A | |
«Someone New» | 2019 | 9 | Trust Issues |
«The First One» | 5 | ||
«Doing To Me» | 15 | ||
«Trust Issues» | 32 | ||
«Down Low» | — | Down Low | |
«Favorite Part Of Me» | 9 | ||
«Years» | 15 | ||
«I Do»
(featuring Brett Young) |
2020 | 3 | N/A |
«Dance Dance Dance» | 6 | Leave It Beautiful | |
«Marilyn Monroe» | 7 | ||
«It's OK If You Forget Me» | 7 | ||
«Når snøen smelter» | 2021 | – | N/A |
Sang | År | Listeplassering |
---|---|---|
NOR[19] | ||
«Air»
(Shawn Mendes featuring Astrid) |
2015 | 40 |
«Running Out»
(Matoma featuring Astrid S) |
7 | |
«Dust»
(CLMD featuring Astrid S) |
2016 | 13 |
«Boys»
(Lars Vaular featuring Astrid S) |
2017 | 39 |
«Just For One Night»
(Blonde featuring Astrid S) |
— | |
«Only When It Rains»
(Frank Walker featuring Astrid S) |
2019 | 31 |
«Sing It With Me»
(JP Cooper featuring Astrid S) |
22 | |
«I Don't Know Why»
(NOTD featuring Astrid S) |
2020 | 16 |
Sang | År |
---|---|
«Hurts So Good (Live from the Studio)» | 2016 |
«Jump (Live from the Studio)» | |
«Breathe»
(Hedegaard Remix) |
2017 |
«Breathe»
(Lauv Remix) | |
«Breathe»
(Shura remix) | |
«Breathe»
(TCTS Remix) | |
«Breathe»
(Basic Tape Remix) | |
«Think Before I Talk»
(Acoustic) | |
«Emotion»
(Acoustic) |
2018 |
«The First One»
(Acoustic) |
2019 |
«Favorite Part Of Me»
(R3HAB Remix) | |
«Dance Dance Dance»
(Acoustic) |
2020 |
Tittel | År | Generell informasjon | Låter |
---|---|---|---|
2AM (Remixes) | 2015 |
|
|
Astrid S | 2016 |
|
|
Party's Over | 2017 |
|
|
Party's Over (Akustisk) | 2017 |
|
|
Trust Issues | 2019 |
|
|
Down Low | 2019 |
|
|
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.