Julelåt eller julesingel er eit musikkstykke laga spesielt til jul. Omgrepet er særleg knytt til ulike sjangrar av populærmusikk, og kan visa til nyskrivne stykke eller innspelingar av eldre songar med juletilknytting. Som regel blir julelåtar gjevne ut ganske tett opptil jula.
Det er vanleg å spela julelåtar på radio, i handels-, festleg og privat samanheng ved juletider. Julemusikk kan gje artistar og låtskrivarar gode sal og speleinntekter, i nokre høve i år etter år. I fleire land er det rekna som svært gjævt å nå førsteplassen på hitlista til jul (ofte kjend som «Christmas number one»). I nokre høver blir julelåtar laga og selde eller framførte til inntekt for veldedige føremål. Julelåtar kan også samlast på juleplater, gjevne ut av éi musikkgruppe eller som samleplate.
Innhald
Julelåtar kan vera tradisjonelle julesongar eller laga for å likna på desse, men kan også ha eit vidare innhald. Medan mange tek for seg hendingar knytt til juleevangeliet eller ei vanleg julefeiring, kan ein del julelåtar vera mindre «koselege», som i «Do They Know It's Christmas?», dei kan vera morosame eller ha ein ironisk distanse til jula, som «Julekveld i skogen» eller «Fairytale of New York», eller ha ein politisk bodskap, som «Happy Xmas (War Is Over)».
Julelåtar i Australia
Jul i Australia inneheld element både frå julefeiring frå den nordlege halvkula, og meir lokale delar knytt til lokal årstid og kultur. Julelåtar med australsk innhald er mellom anna «The Three Drovers» av John Wheeler, «Six White Boomers» av Rolf Harris, «Aussie Jingle Bells» av Colin Buchanan og fleire australske versjonar av «Twelve Days of Christmas» der dei europeiske gåvene er bytta ut med australske dyr, personar og hendingar.
Julelåtar i Noreg
I Noreg kan julelåtar omfatta tradisjonelle julesongar og meir kompliserte eller skjemtande songar med julemotiv. Nokre kjende julelåtar er henta frå syngespel eller filmar, som «Sonjas sang til julestjernen» frå Reisen til Julestjernen eller «Hei hå, nå er det jul igjen» frå Putti Plutti Pott og Julenissens skjegg.
Det er vanleg å framføra eller spela ein del utanlandske julesongar, på originalspråk eller i omsetjing, som svenske «Nu är det jul igen» og «O helga natt» eller engelske «Bjelleklang» og «White Christmas». Samtidig blir det stadig laga nye norske julelåtar.[1]
Julelåtar i Storbritannia
Den britiske musikkindustrien har laga offisielle oversyn over mestseljande låtar kvar veke sidan 1950-talet. Førsteplassen i veka som inneheld juledag har særskild store salstal og er gjev å vinna. Mange år har denne plassen blitt teken av den mestseljande singelen det året, men reine julelåtar, morosame eller veldedige låtar kan også oppnå topplassering.
Mestseljande julesinglar med juletema er mellom anna «Christmas Alphabet» med Dickie Valentine i 1955 og «Mary's Boy Child» med Harry Belafonte i 1957. Den første julesingelen gjeven ut særskild for å tevla om førsteplassen var Slade sin «Merry Xmas Everybody» i 1973. Seinare har «Do They Know It's Christmas?» nådd førsteplassen som veldedig singel ved to ulike høve, framført av ulike supergrupper.
Tydinga av ein storseljande julelåt går fram i romanen About a Boy (1998) av Nick Hornby, der hovudpersonen lever av inntektene frå éin populær julelåt faren hans skreiv, og julefilmen Love Actually (2003), der eitt av plotta dreier seg om ei aldrande rockestjerne sitt forsøk på å nå førsteplassen.
Mykje spelte julelåtar i Storbritannia er elles «All I Want for Christmas Is You» med Mariah Carey, «Last Christmas» med Wham!, «White Christmas» med Louis Armstrong og Bing Crosby, «Driving Home for Christmas» med Chris Rea, «Merry Christmas Everyone» med Shakin' Stevens, «Mistletoe and Wine» med Cliff Richard og «Walking in the Air» med Peter Auty.[2]
Julelåtar i USA
Dei mest spelte julelåtane i USA blir samla og gjevne ut årleg av American Society of Composers and Publishers (ASCAP). Songane er ofte sekulære i tonen, med meir vekt på vinter, julefeiring og liknande. Svært mange av dei mest populære låtane er skrivne av jødar, som ikkje har tradisjon for å feira jul.[3] Lista under oppgjev dei 25 mest spelte julelåtane i dei første 5 åra etter 2000:[4]
Rangering | Song | Komponist(ar) | År | Framført av mellom anna |
---|---|---|---|---|
1 | «The Christmas Song» («Chestnuts Roasting on an Open Fire») | Mel Tormé, Robert Wells | 1944 | Mel Tormé, Nat King Cole, Connie Francis |
2 | «Have Yourself a Merry Little Christmas» | Ralph Blane, Hugh Martin | 1944 | Frank Sinatra, Connie Francis, Ella Fitzgerald |
3 | «Winter Wonderland» | Felix Bernard, Richard B. Smith | 1934 | Connie Francis, Frank Sinatra, Bing Crosby, Eurythmics |
4 | «Santa Claus Is Coming to Town» | J. Fred Coots, Haven Gillespie | 1934 | Perry Como, Bruce Springsteen & The E Street Band |
5 | «White Christmas» | Irving Berlin | 1940 | Bing Crosby |
6 | «Let It Snow! Let It Snow! Let It Snow!» | Sammy Cahn, Jule Styne | 1945 | Vaughn Monroe, Frank Sinatra, Dean Martin, Doris Day |
7 | «Jingle Bell Rock» | Joseph Carleton Beal, James Ross Boothe | 1957 | Bobby Helms, Brenda Lee |
8 | «The Little Drummer Boy» | Katherine K. Davis, Henry V. Onorati, Harry Simeone | 1941 | Ray Conniff singers, Bing Crosby, Johnny Cash |
9 | «Sleigh Ride» | Leroy Anderson, Mitchell Parish | 1948 | The Ronettes, The Andrews Sisters |
10 | «Rudolph the Red-Nosed Reindeer» | Johnny Marks | 1939/1949 | Gene Autry |
11 | «It's the Most Wonderful Time of the Year» | Edward Pola, George Wyle | 1963 | Andy Williams |
12 | «I'll Be Home for Christmas» | Walter Kent, Kim Gannon, Buck Ram | 1943 | |
13 | «Silver Bells» | Jay Livingston, Ray Evans | 1950 | |
14 | «Rockin' Around the Christmas Tree» | Johnny Marks | 1958 | Brenda Lee, Mel & Kim |
15 | «Feliz Navidad» | José Feliciano | 1970 | José Feliciano |
16 | «Blue Christmas» | Billy Hayes, Jay W. Johnson | 1957 | Elvis Presley, Beach Boys, Bobby Vee |
17 | «Frosty the Snowman» | Steve Nelson, Walter E. Rollins | 1950 | Gene Autry |
18 | «A Holly Jolly Christmas» | Johnny Marks | 1964/5 | Burl Ives, Michael Bublé, Lady Antebellum |
19 | «It's Beginning to Look a Lot Like Christmas» | Meredith Willson | 1951 | Perry Como and The Fontane Sisters, Bing Crosby |
20 | «I Saw Mommy Kissing Santa Claus» | Tommie Connor | 1952 | Jimmy Boyd |
21 | «Here Comes Santa Claus» (Right Down Santa Claus Lane) | Gene Autry, Oakley Haldeman | 1947 | Gene Autry, The Andrews Sisters, Elvis Presley |
22 | «Carol of the Bells» | Peter J. Wilhousky, Mykola D. Leontovych | 1921/47 | Robert Shaw Chorale, The Carpenters |
23 | «Do They Know It's Christmas? (Feed the World)» | Midge Ure, Bob Geldof | 1984 | Band Aid, Band Aid II, Band Aid 20 |
24 | «(There's No Place Like) Home for the Holidays» | Bob Allen, Al Stillman | 1954 | Perry Como, The Carpenters |
25 | «Santa Baby» | Joan Ellen Javits, Philip Springer, Tony Springer og Fred Ebb | 1953 | Eartha Kitt |
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.