Julealbum er musikkalbum som inneheld berre eller hovudsakleg julemusikk og som typisk blir gjevne ut, selde og spelte ved juletider. Dei kan innehalda klassiske verk knytt til jula, tradisjonelle eller nyskrivne julesongar. Julealbum kan gjevast ut av enkeltartistar eller ensemble, eller dei kan vera samlealbum med ulike artistar. Nokre kjem ut for veldedige føremål.

Thumb
Christmas Music frå 1940, eit av dei første julealbuma.

Historie

Ei tidleg juleplate kom ut i 1940, då Decca Records samla julesongar spelte inn av mellom anna Men About Town, Kenny Baker og Bing CrosbyChristmas Music. Bing Crosby kan likevel seiast å ha definert det moderne julealbumet med si eiga samling av julesongar som først kom ut i 1945 under tittelen Merry Christmas, og i 1955 som White Christmas.[1] Albumet var det mestseljande julealbumet på heile 1940-talet, og songen «White Christmas» er blitt rekna som den mestseljande singelen nokonsinne.[2] Fleire amerikanske artistar gav seinare ut julealbum i liknande format som Crosby, til dømes Perry Como, Patti Page, Andy Walliams, Burl Ives, Frank Sinatra, Nat King Cole og Connie Francis.

I 1957 gav Elvis Presley ut julealbumet Elvis' Christmas Album,[3] ei blanding av jule- og gospelsongar. Det blei kontroversielt på grunn av rock and roll-tolkinga av nokre av songane, og blei nekta spelt på fleire radiostasjonar i USA og Canada.[4] Albumet hadde likevel stor salssukses. Det selde til diamantplate og blei det bestseljande julealbumet gjennom tidene i USA.[5] Fleire julealbum i ulike sjangrar følgde, som Ella Fitzgerald med swingElla Wishes You A Swinging Christmas (1960) James Brown med soul på tre album gjevne ut frå 1966 til 1970.[6] Det blei også gjeve ut ei rekkje album med julemusikk av ulike artistar som The Great Songs Of Christmas av Goodyear frå 1961 til 1977,[7] A Christmas Gift for You from Phillies Records' (1963, seinare from Phil Spector), Soul Christmas (1968) og A Motown Christmas (dobbelplate, 1973).[8]

Orkester- og klassisk musikk

Ensemble med ein meir klassisk musikkstil byrja også tidleg å gje ut ut julealbum. Mantovani gav ut Christmas Carols i London i 1954, medan Henry Mancini gav ut A Merry Mancini Christmas i 1966. Ei mengd kor har også produsert julealbum, med tidlege døme frå gutekor som Wiener Sängerknaben med Frohe Weihnacht (1960), King’s College Choir frå Cambridge med On Christmas Night (1962) og Sølvguttene synger julen inn (1968). Både Sølvguttene og King’s College Choir var allereie kjende frå kringkastingsopptredenar til jul. I tillegg til klassiske tolkingar av julesongar og salmar kan slike ensemble også gje ut klassiske verk som av ulike grunnar er knytte til jula, som delar av Händels Messias, Ave Maria av Schubert eller «Joy to the World».[9][10]

Julealbum for gode føremål

Fleire julealbum blir gjevne ut for å støtta veldedige føremål, både av enkeltartistar, som samleplater og som samarbeidsprosjekt. A Very Special Christmas har kome ut gjennom fleire år sidan 1987 til støtte for Special Olympics, med bidrag frå ulike artistar som U2, Madonna, Bruce Springsteen og Stevie Nicks.[11] The Spirit of Christmas er ein veldedig juleplateserie for den australske Frelsesarmeen som kom ut mellom 1993 og 2014.[12] Den norske Frelsesarmeens Juleplate har kome ut årleg sidan 2003.

Av veldedige soloprosjekt kan ein nemna Christmas in the Heart (2009) av Bob Dylan, Christmas Songs (2013) av Bad Religion og Don't Waste Your Wishes (2016) av The Killers.

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.