Julekort
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Julekort er kort med illustrasjon og julehelsinger som ein sender ut til slekt og vener. Dei kan vere enkle eller doble, og dei kan sendast med eller utan konvolutt. Både heimelaga kort og ferdig trykte kort med julemotiv er vanleg. Ofte sendast dei med posten, men dei seinare åra har også elektroniske julekort kome i bruk. Ifylgje tal frå posten sender kvar av dei norske husstandane i snitt 8-10 julekort i året.
Skikken med julekort skal ha starta med julekortet teikna av den britiske kunstnaren John Calcott Horsley (1817–1903) og vart utgjeve i England i 1843. Det framstilte ein familie som sat samla kring julebordet og heva dei fylte glasa sine samstundes som dei ønskte mottakaren av kortet ein gledeleg jul.[1]
Så vidt vi veit, kom dei fyrste norske julekorta i 1883. Det aller fyrste norske ein kjenner til er frå 1870.[2] Rundt 1900 var skikken nokså utbreidd også i Noreg.
Elektroniske julekort er julehelsinger sende ut ved hjelp av ein mobiltelefon eller over Internett. Etterkvart som internett har vorte vanleg i heimane, har skikken med elektroniske julekort gripe om seg.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.