Remove ads

José Echegaray y Eizaguirre (fødd 19. april 1833 i Madrid, død 4. september 1916 same stad) var ein spansk dramatikar og politikar som med sine neoromantiske verk i stor mon bidrog til vidareutviklinga av den spanske dramatikken. Stykka hans blir oppførte over heile Europa.

Kjappe fakta
José Echegaray
Thumb
NasjonalitetFransk
StatsborgarskapSpania
Fødd19. april 1833
Madrid
Død

4. september 1916 (83 år)
Madrid

YrkeDramatikar og politikar
Språkspansk
Politisk partiPartido Liberal
Sjangerdramaturgi, teater
Medlem avReal Academia Española, Real Academia de Ciencias Exactas, Físicas y Naturales, Royal Spanish Mathematical Society, Ateneo de Madrid, Real Sociedad Española de Física y Química, Sociedad Abolicionista Española, spanish association for the progress of sciences
Thumb
José Echegaray på Commons
Lukk
Kjappe fakta
Lukk

I 1904 fekk han og Frédéric Mistral Nobelprisen i litteratur. Svenska Akademien gav prisen til Echegaray «med avseende fäst å hans omfattande och snillrika författarskap, som på självständigt och originellt sätt återupplivat det spanska skådespelets stora traditioner.»[1][2]

Remove ads

Liv

Echegaray blei fødd i Madrid, men voks opp i Murcia. Han kom seinare attende til Madrid for å studere ingeniørvitskap ved Escuela de Caminos. Etter å ha avlagd eksamen i 1853 arbeidde han nokre månader som ingeniør og deretter som dosent ved Escuela de Caminos til 1868. I 1857 gifta han seg med Ana Perfecta Estrada som han fekk ei dotter med.

I 1866 blei han tatt opp i det spanske akademiet for naturvitskap ( Academia de Ciencias Físicas, Exactas y Naturales), i seinare år var han president. Ei interesse for økonomifage vakna etter at han blei kjend med økonomen Gabriel Rodríguez på Escuela de Caminos.

Då Spania fekk eit institusjonelt monarki etter revolusjonen i 1868, tok Echegaray del i debattane ved parlamentet og fekk seinare ein ministerpost med ansvar for finansar og økonomisk utvikling. Som finansminister grunnla han den spanske banken og innførte papirpengar. Etter at han opplevde suksess med dramaet El libro talonario (1874) la han ned sine embete, men tok framleis del i det politiske livet og blei finansminister på nytt i 1905.

Remove ads

Forfattarskap

Echegaray skreiv over 70 skodespel på vers og prosa. Han endra den litterære stilen sin fleire gonger, men var likevel tru mot den romantiske spanske skolen. Som ein av dei siste representantane for denne retninga let han seg påverke av andre europeiske forfattarar, som til dømes Henrik Ibsen, Alexandre Dumas og Hermann Sudermann. Echegaray publiserte ofte under pseudonyma Jorge Hayaseca og Jorge Hayaseca y Eizaguirre. Verka hans viste vegen for dramatikaren Jacinto Benavente som fekk Nobelprisen i litteratur for 1922.

Remove ads

Verk i utval

  • La esposa del vengado (drama, 1874)
  • O locura, o santidad (drama, 1877)
  • En el seno de la muerte (drama, 1879)
  • La muerte en los labios (drama, 1880)
  • El gran Galeoto (drama, 1881)
  • Vida alegre y muerte triste (drama, 1885)
  • De mala raze (drama, 1886)
  • Mariana (drama, 1892)
  • Mancha que limpia (drama, 1895)
  • Herencias malas (drama, 1902)
  • En el puño de la espada (drama, 1875)
  • En el pilar y en la cruz (drama, 1878)
  • Conflicto entre dos deberes (1882)
  • El hijo de Don Juan (drama, 1892)




Referansar

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.

Remove ads