Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Frédéric Mistral (fødd 8. september 1830 i Maillane ved Arles, død 25. mars 1914 same stad) var ein fransk poet og lingvist. Mistral fekk saman med José Echegaray y Eizaguirre Nobelprisen i litteratur for 1904. Svenska akademien grunngav tildelinga til Mistral med orda «med avseende fäst å det ursprungsfriska, snillrika och sant konstnärliga i hans diktning, som troget avspeglar hans hembygds natur och folkliv, samt å hans betydelsefulla verksamhet som provençalsk filolog.»[1][2]
Frédéric Mistral | |
Pseudonym | Mèste Franc, Gui de Mount-Pavoun, Cousinié Macàri, Michèu Gai, Lou Cascarelet, Grand la Borgno, Lou Felibre de Bello Visto, Un Maianen, Lou Felibre dóu Mas, Antoine Chansroux, Lou Canounge de N-D. de Casten, Lou Felibre de Bèuvezet, Lou Felibre Calu, Jan Chaplo Verne, Un Jouine Felibre, Lou Medecin di Torro, Tounin Clapo, Lou Tout-Obro, Ambròsi Boufarel |
Nasjonalitet | Fransk |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 8. september 1830 Maillane ved Arles |
Død | |
Yrke | Poet og lingvist |
Språk | oksitansk |
Sjanger | dikt |
Medlem av | Félibrige, Société littéraire et scientifique de Castres, Dîner celtique, Académie de Marseille |
Far | François Mistral |
Mor | Adélaïde Mistral |
Ektefelle | Marie Mistral |
Born | Marius Ferréol |
Frédéric Mistral på Commons |
Mistral var son av ein velhavande godseigar; begge foreldra var av gamle provencalske familiar. Diktaren Joseph Roumanille gjorde Mistral kjent med provencalsk litteratur og saman med han og andre grunnla Mistral Félibrige-rørsla i 1854. Frå 1859 var Mistral leiar og kreativ representant for denne rørsla som arbeidde for å vekke provencalsk språk til liv igjen. Same året kom verseeposet Mirèio som blir rekna som hans viktigaste verk. Charles Gounod tonesette dette verket i 1863.
I 1876 gifta Mistral seg med Marie Rivière (1857–1943). Med unntak av eit opphald i Paris budde han i Maillane til sin død.
Mistral arbeidde for eit litterært og kulturelt sjølvstende for Provence i det – også kulturpolitisk – sentralstyrte Frankrike; frå starten av òg for politisk autonomi. Den framherskande franske klisjeen var at Provence var eit tilbakeståande område og denne oppfatninga freista Mistral å kjempe mot ved å finne tilknytingspunkt mellom den provencalske middelhavskulturen og overleveringar frå antikken. Eposa, dikta og forteljingane sine omsette han stort sett sjølv til fransk, noko som auka forståinga for saka hans på den parisiske litteraturscena, men som òg syner at Mistral levde i eit spenningsfelt mellom arbeidet for regional frigjering og avhengigheita av det sentraliserte kulturlivet.
Etter 20 års arbeid gav Mistral i åra 1879 til 1886 ut Lou tresor dóu Félibrige, ei ordbok over det provencalske språket. Verket dekker ei rekke provencalske dialektar.
I Lou Pouèmo dóu Rose («Rhônedikt») frå 1897 gir han uttrykk for svært pessimistiske kjensler, noko som kan skuldast den allmenne apokalyptiske stemninga på slutten av 1800-talet, men òg at han ikkje hadde klart å få gjennomslag for Félibrige-rørsla sine mål. Stilistisk høyer Lou Pouèmo dóu Rose til symbolismen og dekadansediktinga.
Den chilenske forfattaren Lucila Godoy Alcayaga tok pseudonymet «Gabriela Mistral», blant anna av respekt for Frédéric Mistral. Ho fekk Nobelprisen i litteratur for 1945.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.