Jona er ei elv i dei sveitsiske kantonane Zürich og St. Gallen. Jona er 20 km lang og spring ut 950 meter over havet. Elva høyrer til Rhinenvassdraget via elvane Limmat og Aare. Nedslagsfeltet hennar er 65 km².
Jona | |||
elv | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 65 km² | ||
Lengd | 20 km | ||
Kjelde | Bachteltårnet | ||
Munning | Zürichsjøen ved Busskirch (Rapperswil-Jona) | ||
Jona-elva 47.2155°N 8.84388°E | |||
Wikimedia Commons: Jona (Fluss) | |||
Jona spring ut på austsida av Bachteltårnet nær Gibswil og Fischenthal i Zürcher Oberland. Elva renn gjennom kommunen Wald gjennom ein liten dal austover og svingar så sørover, der viadukten Tösstalbahn (S26) kryssar. Jona svingar så vestover og deler kommunane Dürnten og Rüti, passerer landsbyen Tann og Rüti i den såkalla Tannertobel. Her svingar ho igjen sørover gjennom Rüti og den såkalla Joner Wald. Elva renn så inn i kantonen St. Gallen og Rapperswil-Jona og gjennom landsbyen Jona (SG). Til slutt dannar ho eit lite elvedelta nær Busskirch[1] og munnar ut i Zürichsjøen (Obersee).
Elva vart først nemnd i 834 og den tidlegare kommunen Jona vart kalla opp etter elva mykje seinare. Ein trur at namnet kan ha anten keltisk opphav frå Jauna (den kalde), eller frå indo-europeisk yamam, som tyder «straum».[2]
I mellomalderen vart det sett opp mange vassmøller langs den vesle elva og var viktig for industrialiseringa av Wald, Rüti og Rapperswil-Jona på 1800-talet.
- Tannertobel mellom Tann og Rüti
- Joweid (= Jona elveeng) i Rüti (ZH) med Bachtel i bakgrunnen
- Jona ved Holzwies i Jona (SG)
- Elva i landsbyen Jona
- Elvedeltaet Stampf, Obersee i bakgrunnen
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.