Historisk leksikon for Sveits

From Wikipedia, the free encyclopedia

Historisk leksikon for Sveits
Remove ads
Remove ads

Historisk leksikon for Sveits er eit oppslagsverk om sveitsisk historie som kjem ut samtidig på dei tre største offisielle språka i Sveits: På tysk som Historisches Lexikon der Schweiz, HLS, på fransk som Dictionnaire Historique de la Suisse, DHS) og på italiensk som Dizionario Storico della Svizzera, DSS). Oppslagsverket har 13 band, og blei gjeve ut frå 2002 til 2014. Eit mindre omfattande verk på retoromansk, Lexicon Istoric Retic (LIR), blei gjeve ut i to band i 2010 og 2012.

Thumb
Dei første tre trykte banda av Historisk leksikon for Sveits på dei tre språka det kom ut på.

Oppslagsverket er gjeve ut av ei stifting under Det sveitsiske akademiet for humaniora og samfunnsvitskap (SAGW/ASSH) og Det sveitsiske historielaget (SGG-SHH) med økonomisk støtte frå nasjonale forskingsstipend. Det blei tilverka av ein sentral stab på 35, 100 akademiske rådgjevarar, 2500 historikarar og 100 omsetjarar.

Oppslagsverket blei gjort tilgjengeleg på nettet i 1998. Det er gratis å lesa alle artiklane som er gjort klare for trykking, men det har ikkje illustrasjonar.

Det komplette verket har rundt 36 000 oppslag. Av dei er rundt 35 % biografiar, 30 % om stader, 25 % om tema som historiske hendingar, institusjongar og omgrep, og 10 % om familiar og slekter.

Remove ads

Bibliografi

Remove ads

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads