Johnny Weissmuller
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Johnny Weissmuller (fødd 2. juni 1904 som Johann Peter Weißmüller, daud 20. januar 1984) var ein amerikansk symjar og skodespelar.
Johnny Weissmuller | |||
| |||
Fødd | 2. juni 1904 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Timișoara, Međa | ||
Død | 20. januar 1984 (79 år) | ||
Dødsstad | Acapulco | ||
Fødenamn | Peter Johann Weißmüller, Weissmüller János | ||
Aktive år | 1931–1976 | ||
Verka som | filmskodespelar, symjar, skodespelar, vannpolospiller, fjernsynsskodespelar | ||
Ektefelle | Bobbe Arnst, Lupe Vélez | ||
Born | Johnny Weissmuller Jr. | ||
Prisar | Æresborger av Timișoara, International Swimming Hall of Fame, stjerne på Hollywood Walk of Fame |
Weissmuller var ein av dei beste symjarane i verda i 1920-åra. Han vann mellom anna fem gullmedaljar i OL[1] og sette 67 verdsrekordar i løpet av karrieren.[2] Han deltok òg på det amerikanske vasspololaget som oppnådde bronsemedalje under Sommar-OL 1924. Etter symjekarrieren spelte han Tarzan i tolv spelefilmar. Andre skodespelarar spelte òg Tarzan, men Weissmuller er den best kjende av dei. Han har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.
Weissmuller vart fødd i byen Freidorf (ein del av dagens Timişoara i Romania) i Austerrike-Ungarn. Foreldra var frå den tyskspråklege minoriteten i regionen. Familien emigrerte til USA då han var sju månader gammal.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.