From Wikipedia, the free encyclopedia
Jakob Edvard Stuart, engelsk James Francis Edward Stuart eller Stewart (10. juni 1688–1. januar 1766) var den jakobittiske tronpretendenten til den skotske og engelske trona frå 16. september 1701 til han døydde. Stuart vart ofte kalla The Old Pretender. Jakobittane refererte til han som Jakob III av England og Jakob VIII av Skottland.
Jakob Edvard Stuart | |||
| |||
Fødd | 10. juni 1688 St. James's Palace | ||
---|---|---|---|
Død | 1. januar 1766 Roma | ||
Tittel | Jacobite pretender | ||
Alle titlar | prins, Prince of Scotland, Hertug av Cornwall, Hertug av Rothesay, Jarl av Carrick, Baron of Renfrew, Lord of the Isles, fyrsten av Wales, Jarl av Chester | ||
Hus eller slekt | Huset Stuart | ||
Gravstad | Grotte Vaticane | ||
Land | Kongeriket Storbritannia, Kongeriket England | ||
Mor | Maria av Modena | ||
Far | Jakob II av England | ||
Ektefelle | Maria Klementyna Sobieska | ||
Barn | Karl Edvard Stuart, Enrico Benedetto Stuart | ||
Signatur |
Han var son av Jakob II av England (Jakob III av Skottland),[1] som vart avsett som konge av Vilhelm III av England. Han gjorde derfor krav på tittelen som konge av England, Skottland og Irland då faren døydde i 1701. Han vart då mellom anna anerkjend som den rettmessige kongen av Ludvig XIV av Frankrike, syskenbarnet sitt.[1] Han prøvde utan hell å invadera Skottland i 1708. I 1714 prøvde jakobittane å lansera Jakob som eit bedre kongsemne enn hannoveraren Georg, men dette var umogleg i det reformerte Storbritannia ettersom Jakob heldt fast på den katolske trua si.[1]
Då han døydde vart sonen Karl Edvard Stuart, òg kalla Bonnie Prince Charlie og The Young Pretender, den jakobittiske tronpretendenten.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.