From Wikipedia, the free encyclopedia
Hutt Valley eller Hutt-dalen er det store området med relativt flatt landskap i elvedalen til Hutt River i Regionen Wellington på New Zealand. Liksom elva som renn gjennom han, har dalen fått namnet sitt etter sir William Hutt, ein direktør i New Zealand Company i den tidlege kolonitida på New Zealand.
Hutt Valley | |||
dal | |||
Lower og Upper Hutt er merkte med 2 og 3 på dette satellittbiletet av Wellington-området. | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Hutt Valley 41.1657°S 174.973°E |
Elva renn i for det meste langs ei aktiv geologisk forkastingssone, som held fram mot sør og utgjer hovudårsaka til oppløftinga av fjellrekkja Søralpane på Sørøya. Dette er årsaka til at landskapet stig snøgt vest for elva. På austsida har det danna seg to elvesletter. Den øvstliggjande av desse er mellom 15 og 22 km frå utløpet til elva. Nedanfor denne sletta dannar elva ei kort slukt med bratte sider nær Taita (uttala «tie-tah»), før landskapet opnar seg til ei lang, triangulær slette før elva renn ut i Wellington Harbour.
I den nedste delen av dalen ligg byen Lower Hutt, administrert av Hutt City Council, medan den nærliggjande større, men mindre folkerike byen Upper Hutt ligg på den mindre sletta ovanfor Taita Gorge. Dalen utgjer eit større forstadsområde for Wellington, og her finst både lettare og tyngre industri, utdannings- og rekreasjonsmoglegheiter og campingplassane i regionen.
Petone, som ligg ved kystlinja i Wellington Harbour, vart føreslått av Wellington Company som den første busetnaden for det som skulle verta Wellington. Det viste seg snart at den utpeika staden var utsett for elveflaum, så busetnaden vart flytta til Wellington. Det vart att ein liten busetnad i Petone, ettersom ein meinte at heile dalen var godt eigna til jordbruksland.
I 1846 fann her stad kampar mellom maoristammar og regjeringsstyrkar, seinare kjent som Felttoget i Hutt Valley (Hutt Valley Campaign).
Nesten heile dalen vart snauhogd og gjort om til beitemarker og dyrkingsområde før urbaniseringa tok til på 1900-talet. Ein liten rest av den opphavlege barskogen er teken vare på i Barton's Bush i Upper Hutt.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.