Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hugh Redwald Trevor-Roper (15. januar 1914–26. januar 2003) var ein framståande britisk historikar og professor ved universitetet i Oxford. Spesialfelta hans var tidleg moderne britisk historie og historia til Nazi-Tyskland.
Hugh Trevor-Roper | |||
| |||
Fødd | 15. januar 1914 Glanton | ||
---|---|---|---|
Død | 26. januar 2003 Oxford | ||
Nasjonalitet | Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland | ||
Område | europeisk historie | ||
Yrke | politikar, moderne historikar, historikar, universitetslærar, journalist, essayist, offiser, etterretningsoffiser, kommentator | ||
Institusjonar | University of Oxford | ||
Alma mater | Christ Church College Charterhouse School Belhaven Hill School Merton College | ||
Ektefelle | Lady Alexandra Haig | ||
Medlem | Society of Antiquaries of London British Academy American Academy of Arts and Sciences Stubbs Society Royal Historical Society |
Trevor-Roper var fødd i Glanton i Northumberland i England, der faren var lege. Han vart utdanna i Oxford i klassisk og moderne historie. I 1940 fekk han publisert si fyrste bok, eit verk om William Laud der han utfordra dei rådande oppfatningar kring Laud.
Under 2. verdskrigen jobba Trevor-Roper i Secret Intelligence Service, der han ei tid arbeidde med å sikre radiokommunikasjonen, seinare med å dekode meldingar utsende frå den tyske kontraspionasjen, Abwehr.
I 1945 fekk Trevor-Roper i oppdrag å undersøke tilhøva kring Adolf Hitlers død, og motbevise Sovjetunionen sine påstandar om at Hitler var i live og budde einkvan staden hos vestmaktene. Arbeidet sette han i stand til skrive si mest kjende bok, The Last Days of Hitler, der han fylgde Hitler i hans ti siste levedagar. Etter utgjevinga mottok Trevor-Roper dødstruslar frå Stern-banden, som meinte Trevor-Roper la for mykje vekt på Hitlers karisma, og samstundes hadde friteke det tyske folk.
Hovudtemaene i tidleg europeisk historie var for Trevor-Roper intellektuell vitalitet, religionsstridar og avvik mellom protestantiske og katolske statar, der dei sistnemnde var frågått av fyrstnemnde både økonomisk, politisk og konstitusjonelt. Europeisk oversjøisk ekspansjon var ei av fleire fylgjer av desse prosessane. Ekspansjon var eit hovudelement i tidleg moderne europeisk historie. Her sikta han både til kolonibygginga og den intellektuelle utvidinga med reformasjon, nasjonalistisk tenking og opplysningsideane. Hekseforfylgjingane på 15-1600-talet såg Trevor-Roper som reaksjon mot den gryande veksten i ulike doktrinar, og som kunne sporast tilbake til striden mellom det fornuftsbaserte verdssynet hevda av Erasmus frå Rotterdam og andre humanistar, retta mot dei åndelege verdiane i reformasjonen.
Trevor-Roper uttala at historie må forståast som ein kunst og ikkje som vitskap og hevda at førestillingsevna var den største nøkkelevna hos ein historikar. Historia var full av kontingens og forteljinga om fortida var korkje ei om vedvarande framgang eller om forfall, men utslag av hendingar og særleg av personar sine val på gjeldande tid. Sjølv om Trevor-Roper erkjende sosiale trendar sin innverknad på historia, var det individuelle handlingar som utgjorde forskjell. Trevor-Roper føretrekte artikkelen framfor boka som medium. I sine artiklar om sosialhistorie i 1950- og 60-åra var han under auka påverknad frå den franske «Annales-skulen», særleg Fernand Braudel, og gjorde mykje for å introdusere Annales-skulen til engelskspråkleg allmente.
Trevor-Roper fann i disputten mellom puritanar og arminiar den viktigaste grunnen til den engelske borgarkrigen. Usemja dreia seg om saker som fri vilje kontra predestinasjon, om preiker og betydninga av sakramenta, fyrst seinare handla striden om Church of England. Puritanarane ynskte ei desentralisert og meir likeverdig kyrkje med vekt på lekfolket, medan arminiarane ynskte ei ordna kyrkje med eit fast hierarki med biskopar på toppen og vektlegging på guddomleg rett og frelse gjennom den frie viljen.
Som historikar i engelsk historie vart Trevor-Roper særleg berømt for sine disputtar med samtidige historikarar som Lawrence Stone og Christopher Hill. Deira materialistiske forklaringar til den engelske borgarkrigen angreip han med entusiasme. Trevor-Roper gjekk sterkt i møte med kristensosialisten Richard Tawney, Hill og Stone, som la til grunn at den britiske adelen var på veg oppover økonomisk i hundreåret føre den engelske borgarkrigen. For desse historikarane var dette ein viktig grunn til borgarkrigen i 1642. Trevor-Roper hevda at medan folk i embetsposisjon og sakførarar vart rikare, opplevde den lågare landadelen nedgang, og at det var ei årsak til borgarkrigen. Ei tredje gruppe, J. H. Hexter og Geoffrey Elton, hevda borgarkrigen ikkje kom av korkje.
Trevor-Roper angreip historiefilosofar som Arnold J. Toynbee, marxistiske Edward H. Carr og kollegaen A.J.P. Taylor for deira oppfatningar om grunnane til den andre verdskrigen.
I 1979 vart han adla, og valde tittelen Baron Dacre of Glanton. Han døydde i Oxford i 2003.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.